PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.no

Dei to 19-åringane som jaga Arve Beheim Karlsen like før han drukna i Sogndalselvi 23. april 1999, må få høvesvis tre og to års fengsel, kravde statsadvokat Jan Hoel i retten torsdag ettermiddag.

Ingen rettspraksis — Eg har ikkje funne dom frå noko tilsvarande sak i norsk rettspraksis, sa Hoel i retten.

— Vår sak ligg tett opp mot aktlaust drap. Og utan rettspraksis å sjå på, må vi vurdere dette ut frå strafferamma. Trugsmål under særleg skjerpande omstende gjev ei straff på opptil seks års fengsel.

Hoel la dessutan vekt på at hovudtiltalte var under 18 år då han jaga Arve. I skjerpande retning la aktor til grunn at hovudtiltalte hadde ei rekke tidlegare dommar, og at ein del av tiltalepunkta i denne saka er begått i prøvetid.

Midt i leiet - Eg legg meg midt i leiet, og krev tre års fengsel for hovudtiltalte, sa Hoel, under henvising til strafferamma på seks års fengsel.

Hoel meiner den medtiltalte må dømmast mildare fordi han ikkje tidlegare hadde delteke i den trakasseringa og forfølginga av Arve.

Men han er med og jagar Arve over brua, sjølv om han ser at Arve ikkje kan yte motstand, og høyrer at det blir ropt rasistiske trugsmål mot han, sa Hoel, og meinte to års fengsel er rett straff for tiltalte nummer to.

Begge får frådrag for 56 dagar i varetektsfengsel.

Nøgd med påstanden Kari Beheim Karlsen og bistandsadvokat Gunnar Solbraa var rimeleg godt nøgde med aktors straffeppåstand mot dei to.

— Eg hadde ikkje venta noko strengare, sa Solbraa like etter at aktor Jan Hoel hade avslutta sin prosedyre.

— Dette er ein edrueleg straffepåstand, og eg legg også merke til at aktor legg stor vekt på å få fram alvore i det som skjedde med Arve like før han drukna. Det viser den relativt lille forskjell i straffeforslag på dei to tiltalte. Den medtiltalte hadde jo aldri tidlegare plaga Arve, medan den hovudtiltalte hadde trakassert han i lenger tid.

Les også: - På grensa til drap- Om Arve slutta var problemet vekke - Gjer eg ikke noko no, får eg aldri fred- Arve klarte å unnslippeUvisst når Arve vart jaga Ville skvære opp med Arves mor Hovudtiltalte vart banka opp- Arve vart mobba av sambygdinger Merka ingen ting på tiltalte- Drep den lille negeren- Tiltalte ropte "drep han" Måtte stoppe hovudtiltalte- Aldri sett tiltalte slikOppgav tiltalt som plagånd"Arve vart berre vekke" Nektar for vald mot ArveSøstera til Arve møtte i retten