KARI PEDERSEN kari.pedersen@bt.no — Vi krev ein ny, nøytral rapport på bordet som tek for seg alle konsekvensane ved eit fylkesskifte. Den førre rapporten var eit bestillingsverk frå tidlegare ordførar Dominkus Bjordal, hevdar Ingart Blikra.Blikra har underteikna eit brev som mandag går til kommunalkomiteen og samtlege gruppeleiarar på Stortinget. Til Bergens Tidende fortel Blikra at han planlegg møte med stortingspolitikarar neste veke. Knepent fleirtal Regjeringa går i kommuneøkonomiproposisjonen inn for at Ølen skal få skifte fylke frå Hordaland til Rogaland. Ei rådgjevande folkerøysting i samband med lokalvalet i 1999 gav eit knepent fleirtal for flytting. Storparten av fleirtalet kom frå Vikebygd, som ligg heilt på grensa til Rogaland.Bjordal er busett i Vikebygd.Grunnlaget for folkerøystinga var ein rapport om fylkesflyttinga, utarbeidd av ei nemnd der tidlegare ordførar Dominikus Bjordal var medlem. Taper pengar Ingvar Blikra, som sjølv er bonde, er særleg oppteken av at landbrukssjef Reidar Bjordal, bror til Dominikus, uttala seg på vegne av landbruksnæringa i Ølen. Faglaga i primærnæringa fekk aldri handsama uttalen, hevdar Blikra, og viser til at svinebøndene taper 40 kroner for kvart dyr dersom Ølen går til Rogaland. Andre viktige etatar har aldri fått uttale seg, seier Blikra og legg til: - Kva vil det seia for pendlarane å skifte fylke? I dag betalar Hordaland HSD for å gå til Utbjoa og bringe arbeidsfolk til og frå Stord. Slike spørsmål vil Blikra ha svar på før ei ny folkerøysting. Bjordal avviserDominikus Bjordal avviser skuldingane om at Ølen-rapporten var farga av hans standpunkt og bustad.- Eg var berre eit alminnelig medlem i nemnda, seier Bjordal og legg til at knapt noko sak har vore så godt belyst og meir debattert i Ølen enn fylkesflyttinga. Bjordal viser og til at kommunestyret samrøystes tilrådde flyttinga til Rogaland då resultatet av folkerøystinga var klart.