ARNE HOFSETH arne.hofseth@bt.no

Aktoratet, politiinspektørane Jogeir Nogva og Yngve Skovly, meiner at den 33-årige austlendingen som dirigerte båttrafikken frå eit reiarkontor i Bergen, fortener strengaste straffa.I Oslo byrett har dei lagt ned påstand om åtte års fengsel for denne mannen. Blir han dømt på alle tiltalepunkt, er det duka for inndraging av nærare ni millionar kroner som han skal ha tent på ulovleg verksemd. Forvararen, kjendisadvokat Harald Stabell, meiner at klienten er uskuldig; han mistok etylalkohol for teknisk sprit, og trudde båtane frakta lovleg vare til Måløy for vidare transport til Stryn. Ein velvaksen medhjelpar, som gjekk under namnet Mr. X, bør etter aktoratet si meining idømast seks års fengsel. Også han risikerer inndraging på nær ni millionar kroner.Seks års fengsel er også påstanden for 57-åringen frå Stord som skal ha organisert oppkjøp av spriten i Tyskland og jernbanetransport til Rotterdam. Men her tilrår aktoratet to av åra som vilkårsstraff med to års prøvetid. Dette kan ha samanheng med at han la korta på bordet då han vart teken på "fersken" i Sykkylven, med ladd pistol i bilen, og har hjelpt med oppklaringa av saka.Aktoratet meiner han har tent 4,6 millionar kroner på kriminell verksemd, og vil ha beløpet inndrege til statskassa. Stordabuen sin 32-årige son på Bømlo, som har advokat Carl Hartwig, Bergen, som forsvarar, risikerer eitt års fengsel utmålt, men sju av månadane på vilkår med prøvetid. Han risikerer ikkje inndraging, sidan begge lastane han var involvert i vart kverrsett av politiet, og gav inga forteneste. Hamar-mannen (57) som styrde finansane bør etter aktoratet si meining dømast til fengsel i fem år, og få inndrege vel seks millionar kroner. For ein lastebilsjåførlyder påstanden på fire års fengsel og 1,4 millionar kroner i inndraging, medan ein 28-åring, opphaveleg frå Chile, fekk påstått to års fengsel, derav eitt på vilkår, og 200.000 kroner inndrege.