SFT må utvide tidsfristen til år 2011, meiner han.

Statens Forureiningstilsyn (SFT) har som kjent pålagt Hydro å stenge ned all bruk av den forelda Søderberg-teknologien ved aluminiumsverka i Høyanger og Årdal innan 2006.

— Ei utsetjing vil gje lokalsamfunna bedre tid til å omstille seg, og Hydro bedre tid til å tenke nytt rundt investeringar i Sogn, sier Bakken, som er styremedlem i Årdal Kjemiske fagforeining.

Hydrokonsernet har tdlegare søkt om forlenging av driftstida på desse produksjonshallane, men utan å bakke søknaden opp med moderniseringsplanar.

SFT har for lengst vendt tommelen ned for søknaden, og Bakken ser at det kan bli tungt å endre beslutninga.

— Dette er opplagt ikkje enkelt, men eg meiner at både lokalsamfunna og Hydro treng bedre tid på seg, seier han.

Bakke nemner at generaldirektør Reiten, då han var i Sogn nyleg, ikkje utelukka at Hydro på eit seinare tidspunkt kan komme til å moderniosere i Sogn.

I brevet til næringskomiteen peikar Bakke på at Søderberg-anlegga i dag er veldrivne, og at dei ureinar langt mindre no enn for ti år sidan.

Vidare skriv han at næringskomiteen må syte for at Hydro nyttar krafta frå Årdal og Høyanger lokalt, og ikkje fører den ut av lokalsamfunna. Som kjent har Hydro søkt departementet om å få overføre denne energien til andre stader i landet.

Eit anna moment er at ein lenger frist vil gje eldre arbeidstakarar sjansen til å gå av med pensjon, og dermed bli skåna for omstilling og uvisse på tampen av eit langt arbeidsliv.

Med ein forlenga frist blir det også enklare å få alternative interessentar på bana, dersom Hydro framleis ikkje er villig til å modernisere anlegga. Bakke ber difor om eit møte mellom næringskomiteen, Statens Forureingstilsyn, ordførarane i Årdal/Høyanger og tillitsvalde i Årdal/Høyanger så raskt som råd.