— Forelegget må vera såpass stort at det har ein effekt og gir eit signal, sa Stolt-Nielsen i prosedyren for Sunnhordland tingrett. Tidegare på dagen sette han fram påstanden om seks månaders fengsel på vilkår for «Sleipner»-kaptein Sverre J. Hagland.

Ifølgje Stolt-Nielsen svikta HSD på fleire punkt med omsyn til å fokumentera at mannskapa på «Sleipner» var kvalifiserte for å gå om bord i fartøyet på sjølvstendige vakter hausten 1999. Det mangla lister over kven som deltok på dei ulike opplæringsprogramma, det mangla innhald i programmet, og HSD hadde ikkje sikra seg notoritet over at god nok opplæring var gitt. Med det siste meiner Stolt-Nielsen at det ikkje var dokumentert i tilstrekkeleg kopiar kven som hadde dei ulike kvalifikasjonane.

I påstanden om straff til HSD drog aktor visse parallellar til foretaksbota på ti millionar kroner som Jernbaneverket fekk etter Åsta-ulukka berre ein månad etter «Sleipner»-ulukka.

— «Sleipner» var ein høgrisikobåt, der tryggleiken var basert på førebygging med ei breitt anlagt opplæring, sa aktor, statsadvokat Eirik Stolt-Nielsen.

AKTOR: Statsadvokat Eirik Stolt-Nielsen.
Foto: Scanpix