Det rekordstore kravet vart sett fram i eit brev til Norsk Hydros advokat måndag.

Norsk Hydro Produksjon AS fekk eit forelegg på 15 millionar kroner etter ulykka, eit forelegg selskapet har godtatt. Lisbeth Olgadatter Wathne er mor til den omkomne Rune Grønningen, og krev eit tilsvarande beløp i oppreising frå selskapet.

— Ulykka har vore granska både internt i Hydro og av politiet. Det er ingen tvil om ansvarsforholda, og Norsk Hydro har betalt bota utan å mukke, seier Wathne.

Vil sjå dei ansvarlege

Ho har ingen illusjonar om at Norsk Hydro også vil akseptere hennar krav, og er budd på å gå til retten med saka.

— Eg vil sjå dei folka som hadde ansvaret, og som hittil har skjult seg under Norsk Hydros store mørke kappe. Det vil eg berre oppnå gjennom ei rettssak, seier Wathne.

Advokat Geir Jøsendal vedgår at storleiken på oppreisingskravet er grensesprengande.

— Vi brukar den same argumentasjonen som statsadvokaten i Rogaland brukte då han fastsette bota. Også oppreisingssummar skal ha eit element av straff i seg, i tillegg til den preventive effekten. For eit stort og rikt selskap som Norsk Hydro må beløpet difor vere såpass stort, seier Jøsendal.

Fekk knusande kritikk

Advokaten viser til at det stort sett er kriminelle enkeltpersonar som blir dømde til å betale oppreising.

— Dei har som regel ikkje økonomi til å betale summar av betydning, seier Jøsendal.

Han meiner dette vil bli ei svært viktig prinsipiell sak dersom ho hamnar for retten.

— Domstolane må då ta stilling til eit tilfelle der kong Salomo har synda, ikkje ein Fillefrans utan midlar, seier Jøsendal.

Rune Grønningen omkom under eit kranløft julaftan i fjor. Oljedirektoratets gransking av ulykka avdekte alvorlege brot på forskrifter, prosedyrer og tryggleiksrutiner i Norsk Hydro. Granskarane slo også fast at det hadde utvikla seg ein ukultur i selskapet der brot på grunnleggande tryggleiksprinsipp vart akseptert.