ARNE HOFSETH arne.hofseth@btVoss— Vi held stadig oppsyn med alle demningar, og køyrer omfattande vedlikehaldsprogram der det trengst, seier Dag Smedbold til Bergens Tidende.Han er regiondirektør Statkraft SF sin region Midt-Norge, og held til i Gaupne i Luster. Statkraft har dei siste to åra gjennomført eit omfattande vedlikehaldsarbeid på dammen i Kvilesteinsvatnet på Vikafjellet, innover mot Stølsheimen. I dette området vert det utvunne talkum av fjellet.- Talkumhaldig fyllit har vist seg å vera særleg utsett for forvitring på vass-sida av demninga, fortel Smedbold.Ein mann med lang røynsle frå anleggsarbeid, seier til BT at han er overraska over kor mykje steinane i demninga hadde smuldra opp. Steinar som var store då demninga vart laga på 60-talet, er for småstein å rekna i dag. Direktør Smedbold opplyser at damforskriftene er mykje strengare i dag enn på 60-talet.Etter kvart som demningar treng vedlikehald, vert arbeidet utført etter dagens normer.Mellom anna er det slutt på at steinane vert liggande der dei er tippa. Ekspertar på grabb-føring legg stein på stein på murar-vis med gravemaskin - som på Sysendammen på Hardangervidda, Smedbold sin kollega i region Vest, Jan Alne i Sauda, har ikkje talkumproblem på sine dammar, men gjennomfører likevel omfattande vedlikehaldsprogram for at demningane skal vera trygge.Vedlikehaldskostnader på ti millionar kroner i året på damsektoren i regionen er ikkje uvanleg, fortel han.