PER MARIFJÆREN

Til saman 14 småkraftverk er bygd eller omsøkt i området som vart verna av Stortinget i 1993. Nokre er ferdig utbygde, nokre har fått løyve til utbygging, atter andre er under behandling i NVE. Berre eitt prosjekt har så langt fått nei.

Og kommunane som no tillet bygging av ei rekke minikraftverk på verna mark, har allereie motteke millionar av statlege kroner som kompensasjon for at Gaularvassdraget ikkje vart utbygd.

Tragikomisk — Det er direkte tragikomisk at det i heile er aktuelt med kraftutbygging i eit vassdrag som Stortinget har verna mot kraftutbygging, seier ein oppgitt Johan Rørvik, leiar i verneaksjonen for Gaularvassdraget.

Rørvik har vore aktiv på vernesida for dette vassdraget i meir enn 30 år, og var leiar i Informasjonskomiteen for Gaularvassdraget då denne la ned stridsøksa etter vedtaket i 1993.Rørvik meiner at dei mange småkraftverka heilt opplagt undergrev det vernevedtaket Stortinget gjorde.

— At nokon skulle finne på å bygge ei rekke kraftverk i verneområdet, var så utenkeleg at dette ikkje eingong er nemnt i dei rikspolitiske retningslinene som området skal forvaltast etter, seier Rørvik. - Derimot finst det klare restriksjonar mot jordbruk, kraftliner og vegar i området.

Liberale lokalpolitikarar Mesteparten av vassdraget ligg i Gaular kommune, der miljøvernleiar Berit Holme har frårådd utbyggingane, medan politikarane i formannskapet har sagt ja.

— Vi opplever at lokalpolitikarane i desse sakene er svært liberale. Dersom prosjektet er realistisk, så er erfaringa at politikarane seier ja til utbygging, seier Holme.

Som faginstans i kommunen har ho gått imot søknadene om utbyggingar i verneområda, medan kommunens uttale til NVE altså har blitt positiv.

Også seniorrådgjevar i Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE), Ivar Sægrov, nøler litt når Bergens Tidende spør om intensjonen i stortingets vernevedtak blir respektert i Gaularvassdraget.

— Tja, utfrå vernekriteria og dei politiske signala vi har, så meiner vi det, seier Sægrov. Han meiner dei einsarta retningslinene i direktoratet sikrar ei fagleg trygg handsaming av dei mange søknadene om utbygging i verneområdet.

— Men har de vurdert å setje strek på grunnlag av mengda utbyggingsprosjekt?

— Ikkje så langt, men vi er obs på dette, seier seniorrådgjevaren.

Undergrev respekt Poenget er at Stortingets vernevedtak berre omfattar konsesjonsbelagte kraftverk, medan småkraftverka ikkje lenger treng konsesjon frå kongen i statsråd.

Fylkesmannens miljøavdeling i Sogn og Fjordane har så langt vore positiv til dei aller fleste småkraftverka i området, men signaliserer no at bremsen no kan bli sett på.

— Vi har alt frårådd ei utbygging i verneområdet, og vil be NVE om å vurdere dei kommande søknadene samla, seier fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal.Hittil har private utbyggarar søkt om 14 utbyggingar i verneområdet, seks av desse i hovudløpet av vassdraget.

Mest kontroversiell er ei planlagt utbygging av Fossfossen, der Gaular kommune allereie har sagt ja. Fylkesmannen har enno ikkje gjeve si innstilling.

— Alle kraftverka vil totalt undergrave respekten for vernevedtaket, meiner verneaksjonist Johan Rørvik. - Dersom kraftutbygging er lov, kva kan då vere ulovleg?