Dei som nå ropar på fleire kraftverk, ber om at forbrukarane også i framtida må betale dyrt. Problema i tørre år blir større di meir som er utbygt. Fleire kraftverk vil gje oss større fall i produksjonen frå normale år til nedbørsfattige.

Då vi hadde ein gjennomsnittsproduksjon på 60 TWh (milliardar kilowattimar), var mangelen i tørre år kanskje 12 TWh. I dag ligg gjennomsnittet på nesten 120 TWh, og i tørre år manglar vi bortimot dobbelt så mykje som 12 TWh.

På 1990-talet hadde elverka store kraftoverskot.

Veksande forbruk har ete opp reservane. Stor utbygging då kunne ikkje hindre dagens prishopp.

Heller ikkje i framtida kan utbygging gjere det. Også gasskraft ville gje elektrisitet som går inn i ein europeisk marknad utan å dempe kostnadene for norske kjøparar.

ERIK SOLHEIM, LEIAR I NORGES NATURVERNFORBUND