Nansen sine landsmenn klagar over at dei er nær ved å fryse i hel.

Vass— og gassverkfundamentalistane visar sitt rette ansikt. Lat oss tømme siste skvett av naturens «oljefond», deklamerer dei, berre dei slepp å fryse på føtene. Eit så enkelt hjelperåd som å ta på seg ullsokkar høyrer dei nøysame forfedrene og samfunnsbyggjarane til. Dei som ennå kunne spinne og såg verdien av å ha sauer i fjøset og på beite i eit mangfaldig og økologisk landskap.

Velstandssamfunnet lever i staden overdådig av å plassere utsugarkapitalen sin (mellom anna frå ein skrantande fisk- og oljebrønn) i nykolonisering av fattige samfunn, og av å selge importerte imitasjonar av alle slag frå reinsdyrdekorasjonar i plast, til munn- og klovsjuke kamuflert som kotelettar.

Idealistar har kjempa for varmepumper og bioenergi i tiår, og fortalt korleis ein slik framgangsmåte samstundes fungerer både økologisk og økonomisk i samspel med vern av natur og bruk av kulturlandskap. Kraftpatriotane ser ikkje skogen for flisa i sitt eige auge og prioriterer draumen om evig tilbeding berre dei lovar veljarane nok kraft til å halde elden i krematoriet ved like.

I realiteten ber dei innbyggjarane om å hogge opp til fyring det huset dei bur i. Til slutt sit vi igjen, ikkje berre med ein kald omn og eit desto kaldare lik, men også utan hus.

IVAR ORVEDAL