— Det er ikkje tvil om at samferdslekomiteen legg ei sterk oppmoding både på fylket og Samferdsledepartementet om å få bygt Dalsfjord-sambandet, seier stortingsrepresentant Kjell Opseth (Ap).- Er det ikkje snarare snakk om eit kraftig press enn ei sterk oppmoding?- Som samferdsleminister ville nok eg oppfatta slike formuleringar som eit sterkt press.Også Opseths partikollega, Astrid Marie Nistad, oppfattar det samferdslekomiteen har sagt som eit klart signal om at det no bør gjerast eit tak for å få gjort ferdig "skandalevegen" i Dalsfjorden.- Det er ikkje tvil om at det no vert lagt eit press på fylket for å få gjort Dalsfjord-sambandet ferdig, seier Nistad.