Vi fører ein politikk for å gi folk eit arbeid å gå til. KrF sin visjon om eit «varmare samfunn» forpliktar oss til å gjere nettopp det. Det er ingen grunn til å så tvil om dette, slik Odd E. Rambøl gjer i eit innlegg 7. juni.

Regjeringa gjer mange grep for å sikre folk eit arbeid. Eg vil nemne nokre viktige grep:

Vi fører ein stram finanspolitikk som kan medverke til rentenedgang. No ser vi at dette verkar. Lavare rente legg grunnlag for svakare kronekurs. Det trygger arbeidsplassane i bedrifter som konkurrerer med utlandet.

Skatte— og avgiftskutta har i hovudsak gått til næringslivet. Det betyr tryggare arbeidsplassar. Regjeringa arbeider og sterkt og langsiktig med å skape nye arbeidsplassar i norsk næringsliv. Det moderate lønnsoppgjeret i vår er og viktig i kampen mot arbeidsløysa. Grunnen til det er at høg lønnsvekst ville truge norske bedrifter som har konkurrentar i land med lavare lønnsvekst.

Regjeringa tok initiativ til 3500 nye tiltaksplassar, og fekk Stortinget med på dette. 1000 av desse plassane er i jobbklubbar og andre jobbsøkingsaktivitetar. Til saman har vi no 12.000 plassar i året. Aetat har i år fått 420 fleire stillingar for å sikre at den enkelte som er utan arbeid får god, personleg oppfølging.

Verdensøkonomien er i ulage og arbeidsløysa stig i mange land. Nettopp derfor vil KrF og regjeringa ha ein politikk som kan sikre arbeidsplassar. Kampen mot arbeidsløysa er ein kamp for menneskeverdet. Regjeringa og KrF vil stå i spissen i denne kampen. Samtidig vil vi ha alle politiske parti med på eit samarbeid for å redusere arbeidsløysa. No må vi legge vekk partitaktikken, for å finne dei beste løysingane - saman. Berre slik kan vi nå målet: Å sikre og skape arbeidsplassar.

INGMAR LJONES (KRF),

STORTINGSREPRESENTANT