Er det verkeleg viktigare med reduserte avgifter på vin og brennevin enn at kronisk sjuke eldre og uføre får gratis medisin? Kor er truverdet til KrF? Kva med politisk integritet? Korleis kan de forsvara ei slik prioritering? Høgreregjeringa kan nok leva med dette forslaget, men kan medlemene og veljarane til KrF leva med det? Før valet sa alle partia at dei ville prioritera skule og utdanning. Det første KrF, H og V gjer er å kutta 350 mill. i utdanningsstønaden. Dei tek vekk skulebokordninga, utan å erstatte ho med ei stipendordning. Er dette truverdig? Ein finn heller ikkje tiltak for å betra studentane sine vilkår. H, KrF og V lova å auka stipendandelen til 40 prosent.

Til saman snakkar vi om lovnadsbrot på 400 mill. Er dette truverdig? Det er tydeleg at Høgre no er i regjering. Høgre har fått det akkurat slik som dei vil. Budsjettet som ligg føre, vil, dersom det vert vedteke, føra til endå større forskjellar i samfunnet, der dei som allereie har mest får store skatteletter.

Distriktspolitiske ordningar vert kutta ut, og budsjettforslaget vil setja fart i sentraliseringa og skapa store problem for distriktssamfunn som allereie slit tungt. Finst der ikkje talsmenn for distrikta i denne regjeringa?

Høgre går kraftig fram på meiningsmålingar, det er tydeleg at mange er nøgde med budsjettforslaget. Sp veit, meir enn mange andre parti, at i eit samarbeid må ein gje og ta.

Likevel, budsjettforslaget viser tydeleg kva som er viktigast for KrF. Er det verkeleg slik KrF vil ha det?

ØYDIS RYDLAND, BERGEN SENTERPARTI