1. juni 2001: Ein brøytepatrulje frå Statens Vegvesen måtte i føremiddag rykke ut for å hjelpe laus ein bilist som stod fast i nysnøen på fjellet mellom Aurland og Lærdal.

PER MARIFJÆREN Per.marifjaeren@bt.no

– Det var ti centimeter våt nysnø i vegen, og han ringte oss ved 9-tida og sa at han stod fast i snøen, fortel Arne Stadheim ved Lærdal veg— og trafikkstasjon. – Vi sende straks ut brøytebil, og måtte stenge vegen i nesten tre timar.

Fylkesveg 243 mellom Aurland og Lærdal går opp til 1306 meters høgd, og er etter opninga av Lærdalstunnelen i praksis blitt ein rein turistveg.

Bilisten som stod fast i dag var norsk, men også ei rekke utanlandske campingbilar var oppe på fjellet i uveret.

Det kalde veret i kombinasjon med kraftig nedbør i morgontimane gjorde utslaget.

Men klokka kvart på tolv hadde mannen fått hjelp, og kunne fortsetje turen mot Aurland etter meir enn to timars venting.

Stadheim opplyser at det i dag tidleg også var slaps på den knapt tusen meter høge vegen over Vikafjellet.