Episoden skjedde på riksveg 5 i Flora kommune i januar i år, og politiet har beslaglagt førarkortet og sikta mannen for råkøyringa.

Men i forhøyrsretten nyleg samtykka ikkje mannen i førarkortbeslaget, og hevda at han tilstod fordi han kjente seg truga av politimannen som var svært sint under avhøyret.

Vidare forklarte han at BMW'en hans bråkar svært under akselerasjon, slik at ein lett kan få inntrykk av at farten er høgare enn det som faktisk er tilfelle.

Han meinte også at eit førarkortbeslag vil medføre risiko for at han misser arbeidet. Men utfrå vitneforklaringar og øvrige bevis i saka meiner Sunnfjord forhøyrsrett at 20-åringen kan mistenkast for å ha køyrt i 160 km/t, og finn heller ikkje at førarkortbeslaget er eit uforholdsmessig inngrep.

Retten peikar også på at politiet har fått meldingar på at 20-åringen ved gjentatte høve har køyrt aktlaust. Dermed får politiet ha beslag i førarkortet inntil straffesaka er endeleg avgjort.