Mellom høgdepunkta på den om lag seks timar lange ferda gjennom Aurlandsdalen er garden Sinjarheim, plassert på ei fjellhylle 600 stupbratte meter over havet. For ikkje å gløyme den gedigne jettegryta Vetlahelvete, kor heftige feletonar og freistande huldredans venta marsjfolket.

— Ein kjempesuksess, konkluderer Laila Kvellestad, ein av eldsjelene som organiserte dei kulturelle innslaga langs marsjruta.