Svært mange born lever store delar av dei første leveåra saman med mange og skiftande vaksne. Folk flyttar ofte, og familiestabiliteten er mindre enn tidlegare. Born må forhalda seg til stadig nye dagmammaer, forskjellige barnehagar, nye avdelingsleiarar og førskulelærarar, eit utal assistentar, nye naboar og til dels og nye ekstra mødrer og fedrar i form av nye partnarar til foreldra.

Tillit og kontakt mellom foreldre og born må opparbeidast i barneåra, og det er ei forutsetning for å kunna vera til god støtte også i tenåra. Da er det å ha tid avgjerande. Kontantstøtte brukt slik at ein av foreldra er meir heime med borna kan vera ei god ordning. Både kvinner og menn i dag har god utdanning og vil gjerne praktisera faget og kunnskapane sine. Dei fleste ynskjer å halda på jobben sin. Rask utvikling og nye arbeidsmetodar og tekniske nyvinningar gjer at mange vil ha kontakt med yrkeslivet for å halda seg fagleg à jour.

For å gje born og foreldre meir tid saman, bør det gjevast høve til kortare arbeidsdag for småbarnsforeldre. Økonomisk kan det vera nødvendig med iallfall delvis lønskompensasjon.

6-timars-dag vil vera eit stort gode i mange familiar. Det er stor forskjell på å slutta på arbeid klokka to og klokka fire. Dersom born og foreldre er heime først i fem-tida er dagen gått. Da er det ikkje tid til meir enn middagslaging, barne-TV og rett i seng for dei minste. Da har verken born eller foreldre krefter og overskot til felles leik eller hygge. Dersom dei kjem heim i to-tida har dei ettermiddagen saman og kan nytta den til ulike gjeremål, og begge partar har mykje å bidra med overfor kvarandre. Da vil foreldra få innblikk i dagens store og små opplevingar i barnehagen, får høyra om sorger og gleder, og dei kan gjera forskjellige ting i lag med ungane. Dette vil vera langt viktigare for småbarnsforeldre og ungane sjølve enn berre satsing på lengre barnehagedag, enda meir SFO og full arbeidsinnsats frå foreldra.

Når foreldra vel å ta heil eller delvis permisjon må vi få betre ordningar når det gjeld reglar for opparbeiding av ansiennitet og pensjonspoeng.

Tidskontoordningane må vidareutviklast slik at folk kan velja å arbeida mindre i visse periodar av sitt yrkesaktive liv.

Det bør leggjast til rette for at folk som ynskjer det kan få meir fritid framfor høgare løn.