Av Klaus Rasmussen,

Naturvernforbundet i Kvam

Nokon har sjølvsagt lufta skepsis, men ingen har uttalt seg svært negative til dette vegprosjektet. Er det så enkelt, at dette nye aust-vest-sambandet berre skaper positive ringverknadar?

Onsdag 22.10. vil styresmaktene ved Hordaland vegkontor presentere ei konsekvensutgreiing for ein komande Jondalstunnel. Først då vil me ha ein peikepinn på kor problema ligg. Men utan å vita innhaldet i analysen vil eg stilla nokre spørsmål til politikarar og ordførarar rundt i Hardanger-kommunane.

Blant folk og politikarar har det lenge vore diskutert kor viktig det er å få denne tunnelen før Hardanger forvitrar, og ein stor del av diskusjonen har handla om økonomi. Det er tydeleg at ting må skje fort og det må ikkje verta for dyrt. Me må for all del ikkje diskutere store tilleggskostnader som ombygging av Jondal sentrum med ny ferjekai, flaskehalsar i Kvam eller rasering av grendene ved tunnelinnslaga. Strategien er tydeleg: Får me ein tunnel (same kva lengde), fangar bordet og vegstyresmaktene må følgje opp dei neste tiåra.

Torsnes i Jondal kommune og Nordre— og Austrepollen i Mauranger i Kvinnherad kommune er i dag velfungerande grender. I tilfelle samfunnet vel den i første omgang billegaste løysinga med kort tunnel, vil me for alltid byggje ned utviklinga rundt Nordre- og Austrepollen. Brølande trafikk heile døgeret gjennom Mauranger med trailerar kvart femte minutt vil neppe stimulere unge folk til etablering. Hyttefolk er kanskje enno meir forsiktige med investeringa si! Ein billeg korttenkt tunnel er den mest effektive måte å verne Mauranger mot utvikling. Landskapet i Maurangerfjorden har regional og nasjonal verdi. Med skånsam vegbygging vil desse verdiane kunne utviklast for framtidige generasjonar. Er det slik at ingen politikar i Jondal, Kvinherad, Kvam eller på fylket ser desse sider av saka?

Me lever i ei tid prega av informasjon. Konsekvensutgreiinga som vert presentert er ein del av spelet kring nytt eller gamalt aust-vest-samband og me kan vere viss på at den vil verta brukt for alt den er verd - av alle partar.

Og når politikarar i Hardanger slåst med nebb og klør for nye riksvegar; observerer me at det er ei mobilisering i Røldal for å leggja akkurat den same vegen i tunnel utanom bygda ...