Av Ingunn Alver og Oddny Miljeteig, Utdanningsforbundet Hordaland Fellesorganisasjonen for barnevernpedagogar, sosionomar og vernepleiarar i Hordaland

Marknadskreftene har fritt spelerom. Trua på sterke leiarar og tilsvarande manglande tru på medråderett for dei tilsette og innflytelse frå fagrørsla er tydeleg. Offentleg sektor vert sett på som eit pengesluk og ikkje som viktige bidragsytarar til verdiskapinga i samfunnet. Bedriftsspråket dominerer — og det økonomisk/rasjonelle samfunnsperspektiv er nesten einerådande. Demokratiske og humanistiske perspektiv vert karakteriserte som følelsesladde, dårleg funderte, som ynskjetenking og urealistiske draumar.

Velferdsstaten er under sterke angrep. Kvalitet vert definert gjennom fri konkurranse, belønningssystem, tru på individet sine frie val og kontroll heller enn rettleiing.

I eit slik samfunnsperspektiv er fagforeiningane ikkje viktige samarbeidspartnarar, men meir å sjå på som brysomme, endringsmotviljuge og utgått på dato. Streikevåpenet har overlevd seg sjølv og solidariteten er død.

Individet står i sentrum. Dette vert meir enn tydeleg i den lønnspolitikken arbeidsgjevarsida fører no for tida. Meir og meir lønn skal fastsetjast lokalt, og arbeidsgjevar legg ikkje skjul på at målet er at dei skal kunna nytta lønn som styringsverktøy og personalpolitisk verkemiddel. Fordelingspolitikk høyrer ikkje til i tariffoppgjera, seier dei. I privat sektor kan lokale forhandlingar sjå meiningsfylt ut. Partane har i teorien eit reelt overskot å forhandla om, og då handlar det òg om kven som skal få del i verksemda sitt utbytte. Men - på kven sine premiss føregår forhandlingane? I offentleg sektor tyder lokale forhandlingar at fagforeiningane slåss seg imellom om ein på førehand fastsett pott. Det vert lett for arbeidsgjevar med splitt og hersk-metodar i slike system.

Er då fagrørsla liv laga? Fagforeiningane kom jo til m.a. nettopp som ein reaksjon på arbeidsgjevar sin einsidige styringsrett. Dei kollektive avtalane var den viktigaste sigeren for fagrørsla. No er vi på veg attende til fortida. Til og med arbeidstakarorganisasjonar - som Akademikerne - proklamerer offentleg at lønn er eit spørsmål mellom den einskilde arbeidstakar og arbeidsgjevar. NHO var nyleg ute og skisserte sin lønnspolitikk for framtida - eit tak på lønna fastsett sentralt - og alle pengane ned i systemet.

Vi er overtydde om at system med lokal lønn tener ein part - arbeidsgjevarsida.

Vi er òg overtydde om at arbeidstakarorganisasjonane no må skapa breie alliansar dersom fagrørsla ikkje skal bli totalt overkøyrde. Vidare må vi samarbeida om Velferdsstaten og gode offentlege tilbod til alle. Fagrørsla trengst meir enn nokon gong. Vi må visa at vi er i stand til strekke oss ut over snevre profesjonsgrenser og tradisjonelle skiljeliner mellom privat og offentleg sektor. Vi må byggja alliansar på tvers. Samfunnsutviklinga krev det!