BT skal ha ros for at dei set fokus på nedgang i folketalet og vanskane med å skaffa arbeidsplassar til unge som gjerne vil bu i heimkommunen sin. Men dette er vel ei utfordring for Distrikts-Norge generelt, og ikkje eit spesifikt problem i Masfjorden.

Meir uheldig er det at artikkelen inneheld feilaktige og injurierande utsegner. Det tener ingen til æra. At eg i intervjuet drog fram utbygginga av Sandnes skule som positivt og framtidsretta, fekk ikkje vera med i artikkelen.

Likeins den endelege stadfestinga som kom i statsbudsjettet torsdag: Matre havbruksstasjon skal byggjast ut for 130 millionar kroner. Den største enkeltutbygginga i Masfjorden nokon gong, med verknad langt utover kommunegrensene.

Eg skal ikkje her dra opp ei endelaus liste over kva vi gjer og ikkje gjer her i kommunen. Sanninga er i alle fall at vi hadde aldri vore der vi er, eit godt fungerande lokalsamfunn, dersom det ikkje var for alt det frivillige arbeidet som vert utført. Så folket i Masfjorden står endeleg på for bygdene sine dei òg.

Det er alle desse positive eldsjelene som må kjenne at artikkelen på laurdag er heilt feil.

Bygdekrangelen får òg merksemd. Det er rett at vi hadde store motsetnader då sjukeheimen skulle utvidast/byggjast ny. Som ordførar opplever eg lite av denne striden i dag. Tvert imot vert det arbeidd godt i alle bygdelag, til det beste for kommunen.

At gamle, ærverdige Matre hotell kom i drift i sommar, viser at i alle fall nokon har tru på oss. Førre laurdag hadde BT ein god artikkel om verksemdene til Wergeland. Fleire verksemder i Sløvåg-området slit med å få nok arbeidsfolk. Dette tyder ikkje på einsidig nedbygging.

Dugnadsånda lever i Masfjorden i dag òg. Med unntak av vassverket, er alle dei seinare kommunale utbyggingane våre gjennomførte med stor dugnadsinnsats. Akkurat no er det uteområdet ved Sandnes skule som vert utbygd. Foreldreutvalet ved skulen har lagt ned eit imponerande arbeid, og dei er no i gang med ei større hinderløype.

BT er med dette invitert til å sjå at vi ikkje treng å stenga nokon portar.

Artikkelen som vi vert målt opp mot er Herand i Jondal. Ein flott artikkel som viser at det lever i bygdene, og Herand-folket skal ha stor æra for det dei har fått til. Jondal kjenner eg best gjennom tidlegare arbeidskameratar, og no ein stødig rådmann og ordførar. Invitasjonen til å besøkja dei kjem eg til å nytta meg av.

I løpet av sommaren og hausten har vi i avisa fått gode oppslag om hytteområda og tomteauksjonane våre. Då må ein gjerne tåla litt «motbakke» òg, men så einsidig framstilling som i nemnde artikkel kan ein ikkje godta.

I budsjettet for 2003, som no er under arbeid, er utfordringane større enn nokon gong. BT set i sin leiarartikkel 7. oktober fokus på tilhøvet mellom sentrale— og lokale politikarar. Eg håpar de vil halda fram med det, og å visa breidda og verdiane som ligg ute i distrikta.

Masfjorden kommune skal framleis vera ein god kommune å bu i. Det vil han vera fordi mange frivillige stiller opp i lag med kommunal medverknad og gjer det triveleg å bu i våre bygdelag.

Av Helge Haukeland, ordførar i Masfjorden