Det er altfor dyre kroner til at ideelle organisasjonar kan forsvara å motarbeida eigne hallar for speleautomatar.

I NOREG HAR liberaliseringa av speleautomatmarknaden komen brått på, og har gått lenger enn i våre næraste naboland. Vi har fått automatar i hopetal, i kioskar og butikkar og på serveringsstader. Freistingane er overalt for svake sjeler, og dei påfølgjande sorger og tragediar har meldt seg i tilsvarande omfang.

Det vil ikkje vera noko stort inngrep mot den personlege fridomen å innskrenka spelelysta til eigne hallar, samanlikna med dei personlege nederlaga som kanskje kan førebyggjast.

At automatmarknaden dermed også kan koma under betre kontroll, vil vera eit tilleggsgode. Trass i mange forsøk, heftar det enno for mykje snusk ved bransjen.

Den nyleg avgåtte direktøren i Norsk Lotteridrift, Bjarne Borgersen, seier det var slitsamt å opptre etiske i ein bransje prega av «cowboy-kultur».

GENERALSEKRETÆREN FOR Redningsselskapet, Anne Enger Lahnstein, har uttalt at ein avtale som nyleg er inngått mellom Røde Kors og Steen & Strøm berre er mogleg som følgje av eit hol i lovteksten. Ho karakteriserer automatkonkurransen mellom dei humanitære organisasjonane som «uverdig».

Det ville vera ei økonomisk katastrofe for organisasjonane om automatinntektene skulle falla bort. Men denne katastrofen må dei førebyggja på anna vis enn å motarbeida kulturministerens framlegg.

Ved sjølve å operera automathallar, kunne organisasjonane kanskje langt på veg kompensera for bortfallet av dyre pengar frå dei speleavhengige. Ved å krevja ei anna fordeling av inntektene frå statens eigne spel, kunne organisasjonane kanskje også oppnå ein viss kompensasjon.

Det er nemleg automatane som først og fremst gjer folk speleavhengige, og som gjer at det heftar ei ekkel lukt av skitne pengar ved altfor mange ideelle organisasjonar, frå gubbe-fotballag til Røde Kors.