Ordninga var ein viktig premiss for at lokalsamfunna var positivt innstilt til slike prosjekt.

I Hordaland produserer vi store mengder vasskraft. Berre produksjonen i Vaksdal kommune utgjer over 1 prosent av landets forbruk. Vertskommunane har rett til uttak av konsesjonskraft til forbruk i eigen kommune. Den andre delen disponerer fylkeskommunane. Hordaland fylke har 400 GWh i konsesjonskraft. Det utgjer 15 millionar kroner i årleg inntekt.

Inntektene på denne «varige ressursen» har dei siste åra svinga frå nær 0 til 2-3 millionar pr. år for Vaksdal sin del. Folk flest — også våre sentrale politikarar - trur at alle kraftkommunar er rike, men av 250 kraftkommunar er 220 minsteinntektskommunar.

I haust skal Stortinget handsama eit framlegg om endring i grunnlaget for å rekna ut konsesjonskraftprisen. Framlegget vil fjerna overskotsbaserte skattar frå utrekningsgrunnlaget. Utfallet er viktig for distriktskommunane sin økonomi.

Kraftprodusentane skal verken tene eller tape på å avstå konsesjonskraft. Prisen på konsesjonskrafta skal reknast ut etter sjølvkost. Bedriftsøkonomisk er det unormalt at overskotsskattar skal inngå i sjølvkost, slik ordninga er i dag. Prisen på konsesjonskrafta aukar derfor med aukande overskot i næringa.

Fram i tid kan internasjonale konsern kome inn som eigar i kraftproduksjonsselskapa. Konsesjonskraftinstituttet er ein god reiskap til å ta vare på verdiane av norsk natur, men reglane for prisfastsetjing må endrast.

Dok 8-framlegget, som Stortinget snart skal handsama, har inga verknad på balansen i statsbudsjettet, men berre på kva pris kommunar/fylkeskommunar skal betala for si konsesjonskraft.

Våre stortingsrepresentantar bør arbeida for at denne prinsipielle endringa får si tilslutning.

ØIVIND OLSNES,

ORDFØRAR I VAKSDAL (H)