I fjor lova leiinga å betale ut 600.000 kroner i pensjonspengar til 30 tilsette som er medlemer i Luftfartens Funksjonærforening.

Ved å inngå ein avtale om pensjonsordning klarte leiinga i flyselskapet å unngå at bakkepersonellet gjekk ut i streik i fjor haust. Pensjonsordninga skulle vere klar innan 1. april, men både pengar og ordning har late vente på seg.

No har bakkemannskapet gitt selskapet ein frist på tid dagar til å gjere opp.

Vi ser ingen annan utveg enn å truge med å slå dei konkurs, seier Leif Helge Kvalheim, leiar for personalklubben, til Firdaposten.

Coast Air direktør Asbjørn Utne avviser at dei har brote avtalen med dei tilsette, og ber om forståing for alt slike saker tek tid.