ARNE HOFSETH arne.hofseth@bt.no— Vi er i gang med arbeidet for å få skipa eit nytt selskap, seier Reinhart Kulen (bildet) til Bergens Tidende.Han er innleigd av Norsk Kjøttindustri AS og deira dotterselskap Vestkjøtt til å halda ein minimal produksjon gåande, slik at dei ikkje misser kundane medan arbeidet med nytt firma pågår. Konkurs Styret for Voss Slakteri AS leverte oppbod til Voss skifterett rett før helga, og konkursen var eit faktum.Styreformann John Grønsberg seier at det påståtte underslaget ikkje er einaste årsaka til konkursen. Verksemda ville hatt økonomiske vanskar uansett. Voss Sparebank har eit krav på fire millionar kroner.Det er ikkje meir enn ei veke sidan styret for Voss Slakteri AS gav dagleg leiar avskil på dagen, og deretter melde han til politiet for underslag. Mistanken vart vekt då revisor la fram årsrapporten sin. Saka er under politietterforsking. Dagleg leiar har varsla injuriesøksmål for falske påstandar. Selt ut Advokat Torgils Bryn er oppnemnd som mellombels styrar for konkursbuet. Han har allereie selt alt inventar og heile varelageret.Advokat Bryn opplyser at han rutinemessig har sagt opp alle dei 29 tilsette i Voss Slakteri AS. Reinhart Kulen kan førebels ikkje seia kor mange som vil få arbeid i det nye selskapet som skal skipast.- Slår de no beina under Granvin sine voner om å få oppretthalda slakteriet sitt?- Nei, det er det Gilde som gjer. Vi har fått heilt klare indikasjonar på at Gilde vil legga ned slakteriet i Granvin uansett kva vi gjer på Voss, forklarer Kulen.