OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.no Sveio

Ei stund var det ikkje med i planen at kongen skulle gjesta Sveio i det heile i samband med opninga av Trekantsambandet Stord-Bømlo-Sveio måndag. Men så blei det likevel ordna eit ti minuttars besøk, etter at sveibuen gav uttrykk for vonbrotet sitt. Kortesjen stoppa på veg gjennom Trekantsambandet frå Bømlo til Stord.

Ikkje eit sekund meir enn den avmålte tida oppheldt kongen seg i Sveio, på busshaldeplassen ved tunnelpåhogget. På den tida rakk han å høyra lokale korps spela to melodiar og ordførar Olav Haugens tale. Deretter kasta kong Harald jord på ei ungbjørk som er planta til minne om kongegjestinga og opninga av Trekantsambandet.

Av ordføraren fekk kongen vita at ein av hans forgjengarar, kong Magnus 7. Eiriksson forliste og drukna ved Lyngholm i Sveio i 1374. Etter talen fekk kongen eit målarstykke av Sivert Ørevik i gåve.

Fleire gav uttrykk for vonbrot over at kongen ikkje sa eit ord under Sveio-samlinga. Rundt 300 menneske var møtte fram, blant dei mange barnehageborn. Nesten tusen sveibuar var på den offisielle opninga av Trekantsambandet på Bømlo, og blei forhindra frå å nå fram til seremonien i Sveio.