1. april vil kong Harald foreta den offisielle opninga av Trekantsambandet, melder Statens vegvesen.

JOHN LINDEBOTTEN john.lindebotten@bt.no

Trekantsambandet, som er det største vegprosjektet som er fullført i Noreg, avløyser fire ferjestrekningar og gjev fastlandssamband for 30.000 menneske i kommunane Stord, Fitjar og Bømlo.

Prosjektet omfattar 21,4 kilometer ny riksveg, ein 7,8 kilometer lang tunnel under Bømlafjorden, bru over Digernessundet mellom Stord og Føyno, og brusamband frå Føyno til Bømlo.

Stamvegdelen av Trekantsambandet vart teken i bruk i romjula 2000. Når Kongen opnar Trekantsambandet 30. april, er også riksvegsambandet til Bømlo ferdig.