Kronprinsen fekk ei kjekk stund med jamaldringane til Marius på Våge skule på Bømlo, men utan følgje av Marius og Mette-Marit.

Nyss heimkomen frå Russland drog kronprins Haakon i går tidleg til Kannik skole i Stavanger og opna Grunnskuleveka 2003. Det var i samme høve han køyrte vidare til Våge skule, som har satsa spesielt innan temaet for årets Grunnskuleveke; kamp mot mobbing og diskriminering.

— Var litt flau

— Eg var litt flau då eg ønskte han velkomen i klasserommet. Men han likte teikninga mi, seier Ole Johan Vedøy (6), fint kledd i skjorte og slips pynta med mange Ole Brumm-figurar.

Kronprinsen gav seg tid til å prata med dei fleste elevane då han gjekk gjennom klassane på Våge skule, som har nøyaktig hundre elevar.

På vandringa hadde han følgje av elevrådsleiar Guttorm Kallevåg (12), rektor Kåre Bogetveit, fylkesmann Svein Alsaker og politimeister Karl-Henrik Sjursen. Jannicke Husa frå 1.klasse fekk æra av å vera blomejente og helsa den kongelege i handa.

Torden og kraftige regnbyger sette inn då den kongelege gjesten steig ut av limusinen på Finnås klokka 14.20. Vêret hindra likevel ikkje kronprins Haakon frå å gjennomføra avdukinga av tre svære «antimobbetroll» utanfor Våge skule, omkransa av om lag tre hundre skodelystne.

Avdukinga blei akkompagnert av Willy Mæland på didjeridoo. Mæland er mannen som har laga og plukka ut materialane til den tre meter høge treskulpturen.

Tok tak i mobbinga

— Desse trolla møter me kvar gong me kjem til skulen. Dagleg skal me bli minna om at me tek godt vare på kvarandre, sa rektor Kåre Bogetveit

Våge-rektoren vedgjekk i sin helsingstale til kronprinsen at skulen har mobbeproblem. Bergens Tidene veit at to elevar ved Våge skule har flytta til andre skular dei siste par åra på grunn av mobbing.

— Me er svært stolte av at kronprinsen ville koma til skulen vår. For oss er det ein inspirasjon til å arbeida for eit godt og trygt skule- og oppvekstmiljø, sa rektor Bogetveit.

Mottoet for Grunnskuleveka i år er «Ingen utanfor», der målet er nulltoleranse for mobbing. Våge skule er saman med Moster og Svortland skular på Bømlo med i Zero-programmet mot mobbing.