Kven far hans var har ingen historiegranskarar heilt kunna gå gode for. Og fødselsårstalet varie-rer i ulike leksika frå «om lag» 1150 til «ca.» 1151.

Men sidan det er dødsdagen og dødsåret som her vert nemnt, skal eg først ta med litt om hen-dingane rundt Sverre Sigurdssons død.

Den siste fiendeflokken Sverre med sine birkebeinarar laut strida mot, var baglarane. (baglar: bispestav) Dei hadde, med ein flokk på 2oo mann, laga Slottsberget ved Tønsberg om til ei borg som etter deira meining skulle vera uinntakeleg. For dei visste at kong Sverre hadde plan om å ta byen med makt. Reidar sendemann var hovding for baglarflokken.

Det viste seg også at birkebeinarane som hadde vunne så mangt eit slag, ikkje visste råd med denne borga, sjølv om Sverre klekte ut dei mest snedige planar – utan heilt å lukkast. Den siste og avgjerande Sverre-planen gjekk ut på å hindra alle forsyningar til Berget. Dette førte til at etter 20 veker laut baglarflokken eta sine eigne skinnklede som julekost i året 1201.

Då Sverre skjøna kor dårleg det stod til med baglarflokken, bestemte han seg for å by dei fred og grid.

Baglarane tok imot denne nådegåva – i si store naud – men ein del av birkebeinarane mukka. Då heldt Sverre ein av sine mange talar der han viste meir miskunn enn ofte tidlegare. Han sa mel-lom anna til sine krigsmenn:

«Og no i vinter har de vel høyrt at dei har kalla Sverre både for «bikkje» og «merr» og mange andre stygge namn. Men eg vil tilgje dei dette for Guds skuld. Til gjengjeld håpar eg å få tilgje-ving av Han for det som eg har gjort Han imot. De har ei sjel, de så vel som eg, og det må de ikkje gløyma. Ingen mann vil kalla dykk sveklingar av den grunn.» (Sitat frå Sverres saga.)

Så sytte han for mat og sjukepleie for dei forkomne baglarane, og sa at dei måtte vera varsame med mat og drikke sidan dei var så utsvelte. Mange greidde ikkje lyda slike påbod så ihelsvoltne som dei hadde vorte. Og mange døydde av for brå overgang til mat. Hovdingen deira, Reidar sendemann, var ein av dei som vart sjuke, og kong Sverre brukte mange legemidlar på han. Sverre vart også sjuk, av andre grunnar, og reiste med skip til Bergen, der han hadde hovudsetet sitt. Og fiendehovdingen, Reidar, vart med:

«Det meste av dagen låg han oppe i løftinga på skipet. Der låg også Reidar. Det vart gjort plass til han på høgsetekista ved løftinga. Kongen let han få same pleie og hjelp som han fekk sjølv, og talte ofte med han. Reidar var ein klok mann og hadde mange kunnskapar.» (Sitat frå Sverres saga.)

Tysdagsmorgonen 5. mars 1202 i fasteveka, vart Sverre hardt febersjuk med sterke sveitterier. Han skjøna kva veg det bar og tenkte på alle som hadde stått han etter livet: «Då skal det gå og spørjast annleis enn biskop Nikolas Arnesson ventar, viss eg døyr her i høgsetet, og venene mi-ne står rundt meg. Han (biskopen) har sagt at eg skal verta hoggen ned som ein sau og liggja for hund og ravn. Men Gud vere lova som har halde si hand over meg i mang ei naud når eg har vo-re utsett for mine fiendars våpen.

Etter mitt skjøn har eg hatt mange avindsmenn og mange har vist meg ope fiendskap. Må Gud tilgi dei alle, og må Han no dømme mellom oss og i mi sak.» (Sitat frå same.)

Så døydde kong Sverre laurdag i imbredagane (laurdag før påske).

Det vart stor sorg for alle mennene og venene hans, og sjølv dei som hadde vore uvenene hans, sa at det ikkje hadde vore ein slik mann i Noreg i deira dagar som kong Sverre.

Birkebeinarkongens lik vart bore ned til Kristkyrkja i Bergen med stor prakt. Steinveggen vart opna mellom koret og inngangen mot sør og båra vart lagt inn der. Sidan vart veggen attmurt og ei kopartavle vart festa på muren med følgjande rosande påskrift – med gullbokstavar: «Her ligg han som var ein heider for kongar, ei støtte og ein stolpe, bilete og mønster for tru, manndom og ære, gjæv i framgang, si fosterjord og sin farsarvs skjold og verje, sterk og streng, uveners fall, Noregs ære, Sitt folks heider, rettens handhevar, lovene sin forbetrar, alle sine menns kjærleik.» (Truleg skrive på latin.) (Eit utruleg ettermæle når ein tenkjer på alt han hadde fått i stand elles.)

Det ligg som eit slør av mystikk og legende omkring dette kongsemnet.

Gunnhild, mor hans, hadde underlege draumar om fosteret ho bar. Noko stort synest liggja føre i ukjent framtid. Og me minnest Ragnhilds draum før Harald Hårfagre vart fødd. Det skulle òg visa seg at Sverre var det kongsemnet som skulle samla Noreg att til eitt kongerike etter dei for-ferdelege borgarkrigane som rådde landet akkurat då. På ufatteleg vis stridde han seg gjennom 6o slag (kampar) mot stormenn og kyrkjeautoritetar – utan sjølv å verta såra.

Sverre òg hadde underlege draumar, både før han reiste frå Færøyane og i nettene før dei mange slaga. Det var tilsynelatande ikkje tvil i hans sjel om sigrane som venta han og birkebeinarflok-ken. Og som ved uforklarlege trylleslag vann han dei fleste slaga.

Ikkje underleg at professor Sverre Steen kallar han «Askeladden i det norske eventyret» i boka «Langsomt ble landet vårt eget».

Ca. 1150–74: Voks opp på Færøyane og fekk presteutdanning 1175: Fekk vita at han var son til Sigurd Munn. 1176 : Reiste til Noreg og Sverike og vart hovding for ein rest av birkebeinarar etter slaget på Ree, der Øystein Møyla var fallen. 1177: Vann første slaget og fekk kongsnamn på Øyreting i Trondheim. 1179: Vann over hovudfienden, Erling Skakke, i slaget på Kalvskinnet ved Trondheim. 118o: Vann over Magnus Erlingsson i slaget på Ilevollen ved Trondheim. Magnus rømde. 1181: Vann på nytt over Magnus Erlingsson i slaget utfor Nordnes ved Bergen Magnus rømde. 1181: Baud Magnus Erlingsson fred mot deling av landet, men fekk nei. 1184: Vann endeleg siger over Magnus i slaget ved Fimreite i Sogn. 1186: Hedt sin berømte tale mot vindrikking i Bergen. 1188 : Vann over «kuvlungane» i Bergen. 1194: Vann over «øyskjeggane» – i slaget ved Florvåg i Bergen. 1196–1202: Fleire slag mot baglarane, som kjempa for kyrkja sin maktposisjon. 1202: Baud baglarane fred og gav dei grid ved Tønsberg.

I alle dei 25 åra Sverre kjempa mot lendmannsvelde og kyrkjemakt, lei både han og mennene hans mykje vondt. (Meisterleg litterært har Kåre Holt skildra dette i trilogi-romanen «Kongen». (Mannen fra utskjæret, Fredløse menn og Hersker og trell.)

Men same kor hardt liv dette var, greidde Sverre å halda motet oppe hjå birkebeinarane. Han var ein meister nettopp i det.

Men det gjekk på plyndring og ran og utpressing for å skaffa seg det dei trong. I Kaupanger og Sogndal, mellom anna, brende dei alle gardane! Berre kyrkjene stod att.

Når ein les Sverresoga, er det slåande kor mangt der liknar på «Gjest Bårdsen» si framferd gjen-nom landet.

Sverre kom i strid med erkebiskopane som sende klagebrev til paven. Sverre vart lyst i bann 1194 og landet vart, litt etter, lagt i interdikt. Det førte med seg forbod mot alle gudstenester, sa-kramentbruk og kyrkjelege tenester og vigsler. Men Sverre heldt mange talar mot det urettferdige bannet, serleg i «Tale mot biskopane» (24 sider).

Då paven fekk greie på urettferda, løyste han både Sverre og landet frå bannlysingane i 1195. Det er berre så vidt eg her har rørt ved Sverre-soga. Og Sverre Sigurdsson let seg ikkje lett dømme, korkje av lekmann eller professor. Men i bd 3, konkluderer dei Sverre «Norges histo-rie» som «en av de betydeligste menn i all norsk historie»!