Den første Olav — Olav Tryggvason - kom til Noreg og Moster i 995 og held messe. Den andre - Olav Haraldson(seinare Olav den Heilage) kom også til Moster og sette kristen-retten. Denne Olav Konge er i ettertid gjerne blitt kalle vår evige konge. Olav Kyrre - fredskongen - grunnla Bergen.

Olav V bar dette krevande konge-namnet med heider og markerte monarkiet som vår styreform gjennom sin rause og verdige måte å opptre på. Nordmenn huskar han som 2 åring på far sin arm - då Haakon VII kom til Noreg i 1905 og vart helsa velkomen av statsminsiter Michelsen(frå Bergen.)

Vi hugsar han som småbarn-far og famile-mann,frå dei dramatiske krigsdagane i 1940 då han sto solid og trygg ved Kongen si side.

Vi minnes han som Forsvarssjef under krigen,i open kortesje opp Karl Johan i 1945 og som aktiv seglar --også med olympisk gullmedalje. Og endeleg: Vi minnes både med glede og i vemod alle lysa og barneteikningane i snøen framfor Slotte i 1991.

I heile si Kongetid - og truleg i heile sitt liv - var Olav V glad i Bergen. Han omtalte byen med respekt og vyrdnad. ýKunstens Mekkaý var ord han brukte om og i Bergen. Og han hadde ein naturleg og ekte respekt for statsminister Michelsen.

2.juli 03(og delvis 3.juli) hadde alle aviser og våre TV-kanalar flotte reportasjer om Kong Olav V. Og det var minne-arrangement mange stader - også i Bergen. Det var ei verdig,stille og flott minnestund på Fjøsanger(Reksten-samlinga) - like overfor kongebustaden - Trollhaugen. Sang og musikk i regi av Espen Selvik. Rolf Berntsen resiterte og varaordførar Ohnstad,forsvarssjef Rein,professor Strømme Svendsen og prost(fungerande biskop)Barsnes talte.

Vår største Vestlands-avis var der ikkje. Vår største Vestlands-avis har heller ingen reportasje frå denne minnestunda i ein by Kong Olav V sette så stor pris på. Men Bergens Tidende har fin reportasje frå dåpen av Olav V sitt barnebarn i Slottskapellet og frå minnestunda i Akershus Slottskirke.

Rett under denne reportasjen kan BT melde: "Bergensrederi må betale dyrt for oljesøl" og på andre sida : "Sloss for små sigarettmerker." Bergens Tidende kan sikkert konstruere ei eller anna forklaring. Det vesentlege for all ettertid er likevel at BT ikkje fann det passande å minnast Folkekongen slik dette vart gjort ved Rekstensamlinga på Fjøsanger.

Håkon Randal