Av Aksel Kloster,

ordførar

Inspirert av den debatten me hadde i kommunestyret, sende likevel Knut Prestnes og underteikna på eiga hand eit brev til Kommunal— og regionaldepartementet straks etter valet (18.09.03), der me skisserte ein mogeleg kommuneparlamentarisk modell i Kvinnherad, og bad om ei vurdering om ein eventuell slik modell. I brevet la me til grunn eit mogeleg regjeringssamarbeid mellom dei partia som har hatt samarbeid i den siste kommunestyrebolken, nemleg Sp, Ap, H, KrF, SV og V.

Me understreka i brevet til departementet at dette berre var eit framlegg ettersom det sjølvsagt vil vera kommunestyret som eventuelt må vedta å senda ein endeleg søknad om ein parlamentarisk modell. Kommunal- og regionaldepartementet svara i brev av 02.10.03 at dei er opne for den skisserte parlamentariske modellen i Kvinnherad som forsøk med heimel i forsøkslova.

Som kjent gjorde det avtroppande kommunestyret på sitt siste møte før valet, vedtak om at me skal etablera oss på ein ny måte i komande valbolk, med eit kommunestyre med 45 medlemmer og tre komitear med kvar 11 medlemmer. Den eine komiteen skal ha formannskapsfunksjonane, og skal leiast av ordføraren. Det skal også etter vedtaket etablerast eit kontaktutval med fire medlemmer (ordførar, varaordførar og to komitémedlemmer).

Den parlamentariske modellen som no er skissert, byggjer på at kontaktutvalet vert utvida til å omfatta alle gruppeleiarane i eit avtalefesta samarbeid mellom politiske parti, og at dei tre komiteane vert utvida til 15 medlemmer kvar. Ved å utvida talet på komitémedlemmer, får ein full gjennomgåande representasjon. Det vert meir meiningsfullt å vera kommunestyrerepresentant, dersom ein også er medlem av ein komité.

Kommuneregjeringa vil koordinera det politiske engasjementet, setja politisk dagsorden og tinga utgreiingar frå rådmannen og eksterne miljø. Makt vil bli flytta frå ordføraren og rådmannen til kommuneregjeringa. Kommuneregjeringa vil som organ for fleirtalet kunna ta politiske/strategiske grep til beste for kommunen, og ha stor mogelegheit til å få styring av politikken og ikkje minst økonomien.

Administrasjonen har over 40 leiarar på heiltid som er blitt svært sterke i høve til eit litt for lett organisert politisk system. Me skal vera takksame for at me har ein dyktig rådmann, dyktige kommunalsjefar og dyktige verksemdsleiarar, men ei kommuneregjering vil kunna bli ei motvekt til ein stadig sterkare og meir kvalifisert administrasjon.

Me tenkjer oss ikkje at ei slik organisering av kommunepolitikken skal gje større kostnader for kommunen, fordi me alt har sanert bort ei rad utval og nemnder, og fordi det vert lagt opp til litt færre møter, med kommunestyre annankvar månad og møte i komiteane annankvar månad. Det at kommuneregjeringsmedlemmene får litt frikjøp, og litt lønn ut over det dei andre politikarane får, vil ikkje totalt sett føra til vesentleg høgare kostnader for kommunen.

Når det gjeld den vidare politiske handsaminga av spørsmålet om kommuneparlamentarisme, vil det vera naturleg å drøfta dette i kommunestyret i to samanhengar. For det fyrste må kommunestyret ta stilling til om det skal sendast formell søknad til departementet. Dersom det er fleirtal for å senda søknad, må det endelege svaret frå Kommunal- og regional- departementet danna basis for ei endeleg handsaming i kommunestyret. Det vert nok ikkje under noko omstende teke endeleg stilling til kommuneparlamentarisme før fram mot nyår.