I tillegg hadde journalist Atle Andersson ein kommentarartikkel om Os kommune onsdag 7. nov. Det er liten tvil om at Kommune-Norge slit tungt denne hausten. Verdssituasjonen, med fallet i finansmarknaden, gjev store utslag også for kommunane i form av auka pensjonskostnader, høgare forsikringspremiar og lågare avkastning på oppspart kapital.

For Os kommune sin del er dette sjølvsagt ei medverkande årsak til budsjettgapet på 56 mill. kroner for 2002. For å få fram det totale bilete må ein imidlertid gå nokre år tilbake i tida. Allereie i kommunevalkampen 1999 var økonomi eit heitt tema lokalt i Os. Over ein periode på fleire år auka dei løpande driftsutgiftene meir enn dei løpande driftsinntektene. Slik kunne det ikkje halda fram.

Ved valet fekk som kjent Frp og Høgre eit klårt mandat frå veljarane. Ein ynskte mellom anna at nokon skulle snu denne negative trenden med stadige kriser i kommuneøkonomien. Den prosessen tok Frp/H umiddelbart tak i. I samarbeidsavtalen mellom dei to partia, Solstrands-avtalen, slo ein fast at heile den kommunale tenesteproduksjonen skulle under lupa gjennom eit omfattande Organisasjonsprosjekt.

Heile den kommunale organisasjonen og tenesteproduksjonen er gjennomgått og analysert. Viktige delar av dette prosjektet er no unnagjort, — ein ny effektiv kommunal organisasjon, basert på moderne delegasjons- og leiingsprinsipp er på plass frå i haust av. Frå nyttår vert også den politiske styringsstrukturen lagt om.

No er det på tide å gå eit steg vidare. Kommunen må gjennom ei naudsynt nedbemanning for å få samsvar mellom løpande driftsutgifter og -inntekter. At ei nedbemanning måtte koma har det vore brei politisk semje om, sjølv om ein nok er ueinige om omfanget av nedbemanninga. Det Os kommune no står framfor er, enten ein likar det eller ikkje, ein naturleg konsekvens av regjeringa og Stortingets målsetjing om effektivisering og modernisering av offentleg sektor.

At Frp og Høgre går offensivt til verks lokalt i Os bør ikkje overraske nokon, heller ikkje Bergens Tidende. Os Frp og Os Høgre har hatt handlekraft som ei viktig rettesnor for heile sitt arbeid i denne valperioden. Alternativet er å sitja med henda i fanget og skrika om pengar frå Oslo slik mange lokalpolitikarar og kommunar gjer. Det er ikkje eit godt alternativ. Frp og Høgre ynskjer å modernisera Os kommune, vi ynskjer å skapa ein framtidsretta organisasjon med fokus på brukarane og dei viktigaste tenestene innan skule, helse og eldreomsorg.

Om resultata av Frp og Høgre sitt arbeid vert bra skal i første rekkje veljarane vurdera ved kommunevalet hausten 2003. No er kommunen midt inne i ein av dei mest omfattande omstillingsprosessane i Kommune-Norge nokosinne. Vårt fokus er i desse dagar retta mot å ivareta dei tilsette som vert direkte eller indirekte råka av nedbemanninga. At BT allereie no delar ut karakteristikkar som «vanstyre» og «mønsterbruk i hengemyr» vitnar om førehandsdømming. Og kanskje eit inderleg ynskje om at Frp/H skal mislukkast i Os? Det er imidlertid alltid ein god regel å avventa resultata av eit prosjekt før ein evaluerer prosjektet! Vi skulle tru dette gjeld BT også?

Av Terje Søviknes (Frp), ordførar Os kommune