Det har dei også all grunn til, ettersom regjeringa bygger på KS sin modell.

Striden om barnehagepolitikken, maksimalprisar og skatteverknader trugar med å velte Bondevik-regjeringa som er blitt overstyrd av stortingsfleirtalet.

Men i KS, som har ansvaret for den faktiske barnehagedekninga og drifta, har regjeringa tverrpolitisk oppslutnad.

— Fullt gjennomslag

— Vi føler at i den barnehagemeldinga som Regjeringa la fram for Stortinget rett før påske, har KS fått fullt gjennomslag for sitt syn. Vi ser på det som ei tillitserklæring til kommunane. Vi har hatt god dialog med departementet under utarbeidinga av meldinga, vi er blitt høyrd, seier Olav Ulleren til Bergens Tidende.

Ulleren er administrerande direktør i KS. Han har fortid som ordførar og statssekretær for Senterpartiet.

Leiaren i KS, Halvdan Skard, seier til BT at KS nå står heilt samla i saka.

— Det er eit mål for KS på vegner av alle kommunane å få full barnehagedekning og få redusert foreldrebetalinga til eit rimeleg nivå. Vi vil ha ei likebehandling av offentlege og private barnehagar. Kvalitetskrava må oppretthaldast. Med den økonomiske situasjonen kommunane har i dag, let det seg ikkje gjere å redusere prisane utan at det skjer ved fullfinansiering frå staten, seier Ulleren.

Sterkt i rette

KS har i fleire notat til Barne- og familiedepartementet (BFD) gått sterkt i rette med mange av ideane og føresetnadane som ligg til grunn for barnehageforliket mellom opposisjonspartia.

KS meiner finansieringsmodellen opposisjonen har lagt opp til er «meget komplisert» og vil «kunne virke sterkt byråkratiserende» og krevje «stadig nye detaljerte kostnadsundersøkelser».

«Den vil også kreve en nøye kontroll i kommunene av regnskapene i de private barnehagene. Alt i alt synes det mer å være en teoretisk modell enn en modell som lett lar seg gjennomføre i et desentralisert system med 434 kommuner og nær 6000 barnehager», skriv KS.

«Betydelig omfordeling»

KS meiner også at modellen i barnehageforliket «legger opp til en betydelig omfordeling mellom kommunene, slik at mange kommuner må bruke mer på barnehagesektoren mens andre kan «trekke ut» penger av systemet.»

Dei kommunane som må bruke meir, er dei som i dag ikkje nyttar store driftsmidlar på denne sektoren. Det kjem av låg dekningsgrad på barnehageplassar, høg foreldrebetaling eller mange private barnehagar der det er lite eller ikkje noko kommunalt driftstilskot.

Dei kommunane som har satsa på barnehagar eller har høge kostnadar på kvart barnehagebarn, vil derimot kunne få ein økonomisk vinst, skriv KS.

KS er også redd for verknaden av å gje skattefritak for bedriftsbarnehageplassar. KS fryktar både direkte tap av skatteinntekter, og at ein skal få smitteeffekt av eit slikt tiltak som kan svekke finansieringa av offentleg sektor generelt og kommunesektoren spesielt.