Det forunderlege i dette er at sal av aksjar – utan atterhald – vert framstilt som tilføring av verdiar til kommunane. Ikkje eit einaste spørsmål vert stilt om korleis desse verdiane er skapt, kva dei vil ha å seie for eigarane i framtida og, ikkje minst, kvifor det er interesserte kjøparar.

I det store utstillingsvindauga, Os kommune, skulle det vel etter kvart vere råd å sjå den kortvarige varmen av slike buksepiss. Der er det kome så langt at dei som styrer, knapt ser til nasetippen. Aksjane i BKK er vel alt tekne i bruk før dei er selde, og skular og institusjonar som osingane har bygt opp gjennom generasjonar, vert selde på same vis som Esau selde odelsretten for ei linsevelling.

Og kommunar med fallrettar og utbygde kraftverk vart sminka og smeikt for i von om at dei vil selje av dei langsiktige verdiane sine. Og då smeik ikkje var nok, vart eit fleirtal på Stortinget lokka til å vedta energilova og stramme til den kommunale økonomien slik at ordførarar og rådmenn ikkje visste anna råd – enn å selje den utømelege verdikjelda, den utbygde fossekrafta for ein rett linser.

Og så kan journalistar og andre forståsegpåarar framstelle det heile som at milliardverdiar vert overførd til kommunane ved slike aksjesal! Det kan nok gå å narre ein del av folket ei lita stund, men det går ikkje å narre heile folket, ikkje lenge i alle fall.

BJARNE DÅE