KLP-kommunane, som framleis er i fleirtal, har alt fått store ekstrarekningar frå selskapet grunna fallet i aksjemarknaden. Kommunar som har valt private forsikringsselskap får ingen premieauke i år, og kan dessutan gle seg over lågare grunnpremie.

— Ut frå tal vi ser i marknaden reknar vi med å spara rundt 1,1 millionar kroner på premeien ved ikkje å stå tilslutta KLP. I tillegg kjem KLPs ekstrakapitalinnkalling, slik at det for oss i alt utgjer rundt fem millionar kroner, seier rådmann Knut Terje Rekve i Kvam herad til Bergens Tidende.

Raude tal

For KLP-kommunen Stord utgjer ekstrarekningen frå selskapet rundt 7,5 millionar kroner, ein sum kommunen ikkje greier å ta inn på årets tre siste månader. Dermed går det mot rekneskapsunderskot for 2001 i Stord og ei rekkje andre kommunar. Odda må bu seg på vel fire millionar kroner i ekstrapremie, Karmøy kommune 18 millionar kroner, melder Haugesunds Avis.

Totalt må KLP ha inn 2,4 milliardar kroner ekstra i år frå sine 391 medlemskommunar. Årsaka er at raset i aksjemarknaden ikkje gir selskapet finansinntekter til å dekkja inn auka pensjonsutgifter, slik det har vore vanleg tidlegare år.

— Over heile landet er kommuneleiarar forbanna på KLP og vil melda seg ut. Men det er like sikkert som amen i kyrkja at også dei private selskapa vil koma med premieauke, så sant finansmarknaden utviklar seg slik det ser ut no, seier kommunikasjonsdirektør Ole Jacob Frich i KLP til Bergens Tidende.

KLP best?

LO-advokat Atle Sønsteli Johansen seier til Dagens Næringsliv at Storebrands pensjonsforsikring for kommunar ikkje held mål i forhold til KLP-ordninga.

Dette avviser Storebrand. Kvam-rådmann Knut Terje Rekve seier at tilsette i hans herad har nett same rettane som pensjonskassemedlemmer i KLP-kommunar.

Naustdal kommune i Sogn og Fjordane flytta ved årsskiftet pensjonsforsikringane frå KLP til Vital, og har kalkulert med ei årleg innsparing på om lag ein million kroner, ifølgje rådmann Per-Kristian Langlie.

Kvinnherad kommune gjekk over til Storebrand 1. januar 1999 med utsikter til 1,2 millionar kroner spart i premie første året. Rådmann Trond Sætereng seier at kommunen har spart «nokre millionar kroner», men har ikkje finkalkulert på det.

Forsikringsmeklar AON Grieg rekna i fjor ut at Os kommune i løpet av tre år kom til å spara 15 millionar kroner på å forsikra dei tilsette i Storebrand i staden for KLP. Høgre-medlem Tom-Christer Nilsen i Hordaland fylkesutval sa til BT for eitt år sidan at fylkeskommunen kunne spara 40-50 millionar kroner i året på å skifta frå KLP til Storebrand.