Bergen er ein stor by. Det er mange fotgjengarar, mange syklistar, og mange bilistar. I sum kanskje altfor mange. I alle fall mange nok til at dei fleste har opplevd ei «nestenulukke» med alle grupperingane. Syklistane er det diverre ikkje plass til. Fotgjengarar vil ha dei vekk frå fortauet, og bilistane vil ha dei vekk frå vegbana.

Sidan eg bur i sentrum, så går eg ofte i sentrum, eg syklar stort sett kvar dag i sentrum (til og frå jobb), og eg køyrer relativt ofte til og frå sentrum. Eg har endå til gode å vere i nærleiken av ei ulykke eller nestenulykke med ein syklist. Det er stor sannsynligheit for at ein del syklistar bryt trafikkreglane.

Men det er også stor sannsynligheit for at både fotgjengarar og bilistar gjer det. Løysinga er neppe å aksjonere mot syklistane. Då må vi også aksjonere mot alle fotgjengarar og bilistar som bryt reglane.

Eg trur heile sykkeldebatten er medieskapt, og eg synest det er ei uheldig vinkling. Vinklinga fører til at alle syklistar blir uglesette, istadenfor å oppfordre folk til å sykle. Eg er sikker på at dersom media (les: BT) hadde fokusert på alle trafikkregelbrota bilistane utfører i sentrum, så ville reaksjonane blitt nøyaktig dei same, minst like mange, men frå andre grupperingar og personar.

Eg har inga tru på at syklistane i sentrum er verre enn andre plassar. Eller er løysinga at alle syklistane set seg i kvar sin bil og køyrer istaden? Det er vel ikkje så heldig det heller? Vi skal ikkje bagatellisere problemet, men vi skal heller ikkje blåse det opp i ein størrelse det ikkje fortener. Fokuser heller på korleis ein kan gjere sentrum betre å opphalde seg i for alle gruppene. Vi kan jo begynne med å gjere Bryggen bilfri, og lage fleire sykkelvegar. Herved er sykkeldebatten lagt død.

Av Bjørn Årdal, Bergen