Historia viser at vi ikkje kan stola på KrF i kollektivspørsmål.

Våren 1997 handsama Stortinget Jagland-regjeringa sine langtidsplanar for samferdselssektoren, då fekk vi høyre frå KrF at regjeringa sine forslag var for dårlege, og saman med høgresida fekk dei fleirtal for å auke regjeringa sitt forslag med heile 9,3 milliardar kroner til samferdselsformål for perioden 1998 — 2001.

Dette fylgde ikkje KrF opp då dei sjølve kom inn i regjeringskontora - heller ikkje det året dei hadde samferdselsministeren. Dei la fram fleire budsjett der det ikkje var att ei einaste krone av milliardløfta. Dei klarte ikkje eingong å oppfylle Jagland-regjeringa sitt opprinnelege planforslag. Løfta vart brotne!

KrFs nestleiar oppsummerer kanskje situasjonen best når han den 17. april 2001 blir spurd av Nettavisen om kvifor veljarane skal tru på KrF denne gongen. «Det var et godt spørsmål,» svarar han ...

STIAN NYHUS,FANA