Av May Britt Vihovde (Venstre), stortingsrepresentant

I altfor mange år har Ap saman med Høgre fånyttes prøvd å løyse Bergen sine trafikkproblem ved å byggje fleire og breiare vegar inn til sentrum, og forsømd jernbane, bybane og andre kollektive alternativ. I dette perspektivet blir det heller patetisk når Ap sin fylkespolitikar Arne Jakobsen i BT 5. april med stort patos skildrar sin heroiske innsats for å kome i gang med Ringeriksbanen — ikkje no, men ein gong etter 2012.

Bergens-området sine trafikk- og miljøproblem må etter Venstre sitt syn løysast lenge før 2012. Difor har Venstre krystallklart prioritert byggjestart for bybane framfor Ringveg Vest. Difor gjekk Venstre i Nasjonal Transportplan inn for å løyve 700 millionar kroner til dobbeltspor for jernbana gjennom Ulriken, med byggjestart alt i 2002. Ulrikstunnelen er flaskehals nummer éin på Bergensbanen, og dobbeltspor vil samtidig vere til stor hjelp for eit betre kollektivtilbod i Bergens-området. Venstre gjekk også i Nasjonal Transportplan inn for å satse stort på profilutviding av tunnelane på Bergensbanen slik at tog med større trailerar kan passere, og meir gods overførast frå veg til bane.

Arbeidarpartiet har ikkje klart å velje miljøet si side i nokon av desse spørsmåla. Ap vil ikkje løyve pengar til dobbeltspor gjennom Ulriken på mange år, og er i praktisk politikk langt meir lystne på nye motorvegar enn på bybane i Bergen. I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett sist haust, foreslo til og med Ap å innføre moms på kollektivtransport, som utan at Venstre og Sentrum sette foten ned hadde gjort buss og bane enno dyrare.

Arne Jakobsen må få vere så stolt han berre vil over å ha lukkast i å få Ap til å prioritere miljø og kollektiv ein gong etter 2012. Det er sjølvsagt betre enn ingenting, og Venstre har då også stått saman med Ap og SV i ønskjet om at Bergensbanen skal forkortast med å byggje Ringeriksbanen. Dette er imidlertid neppe nok til at bergenserar og andre vestlendingar kan sjå på Ap som eit truverdig miljøparti i neste stortingsperiode. Den går som kjent berre til 2005, ikkje til 2013 ...