LARS MÆLAND lars.maeland@bt.no StordForeløpige tal for januar viser at 18.637 passasjerar reiste med Kystbussen første månaden i år, mot 9229 i 1999.— Dette er første månaden der Kystbussen kjører ferjefritt mellom Stord og fastlandet i Sveio, og det er gledeleg å kunna notera ny januarrekord med over 2000 fleire reisande enn i fjor. For oss er det hyggeleg at så mange nyttar det utvida tilbodet me har med denne ekspressbussruta, seier Henning Vestvik i Haugaland Billag.Medan det er dalande passasjertal og mykje kjeft å få for busselskapa i Bergen, gir samarbeidet mellom Gaia Trafikk, HSD Busstrafikk, Haugaland Billag og SOT (Stavanger og omegn trafikkselskap) stadig betre resultat. I fjor nytta 222.602 reisande dette busstilbodet, vel 60.000 fleire enn året før. Og med fleire avgangar og ein god start på året kan det gå mot ny passasjerrekord.