Filmmeldaren stiller seg kort fortalt negativt til filmen. Då kan eg få fortelja at filmen var god, Kolbjørnsen! Der bygde seg opp ei uhygge-stemning over tid i handlinga, noko som må seiast å vera målet i bra grøssarar.

Derimot var ikkje kritikken din «skremmande», Kolbjørnsen. Såleis kunne underteikna slå fast at den store kinosalen var full på premieren. Elles, har eg forstått at filmen har vore ein kommersiell suksess tidlegare, så svært mange har fått han med seg.

Eg har elles bite meg merke i Kolbjørnsens stort sett einsidige slakt av såkalla action-filmar, gjerne amerikanske. Poenget med filmmelding er vel borte, om kritikaren let personleg smak skina gjennom og dessutan favoriserer nokon genrar, framfor andre?

Har du fordommar før du gjev ein filmomtale, Kolbjørnsen, eller set du deg ned med ope sinn ...?

GUTTORM AUSTESTAD