Av stortingskandidat Rune J. Skjælaaen, Senterpartiet

Mange vegrar seg for til dømes å gjera naudsynte investeringar. Trua på framtida er ikkje god.

Statens første tilbod i årets forhandlingar tyder ikkje på vilje til å rette opp dette, heller tvert imot. Eit annonsert «nulloppgjør» med fiktiv inntektsauke vil i realiteten bli eit minusoppgjør for dei aller fleste bønder i fylket vårt. Stikk i strid med innhaldet i den landbruksmeldinga Stortinget vedtok i fjor, legg altså Arbeidarparti— regjeringa opp til ei inntektsutvikling i landbruket som går i motsett retning i høve til resten av samfunnet.

Satsingsområder for regjeringa er auka ressurser til verdiskapingsprogrammet og til økologisk jordbruk. Det er vel og bra, men når midlane til denne satsinga vert tatt frå såkalla mindre bruk, vert dette ille. Og mindre bruk er i denne samanheng einingar med til dømes mindre enn 16 kyr og eit areal under 200 dekar, altså grenser langt over middelbruket i Hordaland. Ein slik politikk vil på få år rasera landbruket i dei fleste bygdene våre.

Rein og trygg mat er viktig, men ikkje sjølvsagt. Det er vi blitt minna om i vinter med tv-bilder frå Storbritannia og Europa. Bøndene i Hordaland og resten av landet gjev sitt bidrag i matproduksjonen, men ikkje berre det. Kva var vel Hardanger for turistar utan blømande frukttrær, grøne bakkar og velstelte tun? Der er nok av døme andre stader på fråflytta grender som ser ut som spøkelsesbygder. Eit sterkt landbruk er avgjerande for levande bygder. Det er avgjerande for trua på framtida for Distrikts-Norge. Dersom vi ønskjer levande bygder må vi òg vera villige til å satsa på og ta kostnadene med det småskala- landbruket som vi har i Hordaland.

Landsomfattande meiningsmålingar viser eit klart fleirtal i folket for å oppretthalde eit landbruk på dagens nivå med ei akseptabel inntektsutvikling på linje med andre grupper. Dette tyder på at statsråd Bjarne Håkon Hansen og hans støttespelarar i Ap-regjeringa først og fremst har støtte for sin politikk frå eit bydominert Høgre og eit bonde- og distriktsfiendtleg Frp på Stortinget. Men det er jo ikkje overraskande.