JAN STEDJE jan.stedje@bt.noLeikanger

I pinsehelga sto hoppene bokstaveleg talt i kø for landets beste unghingst.

— Hoppe-eigarane ringjer frå heile sør-Norge, frå Ølve, Voss og Osterøy i Hordaland, frå Hemsedal, Valdres og Gudbrandsdalen, seier Erling Gjerde.

Han er eigar av ein av dei største avls-sentra for dølahest i landet, Stall Gjerde i Leikanger. Og der står Bronson. Alltid klar.

Eit hingste-varp Det var like før pinse at Erling Gjerde fekk napp, og klarte å sikra seg Bronson frå Lillehammer. Då hadde hingsten nett slått alle dei andre, i kvalitet og eksteriør, på hingsteutstillinga på Biri.

No er «sesongen» akkurat i gang i Stall Gjerde. Eigaren set tal på køen av hokjønn hjå første-elskaren.

— Han er ettertrakta ja. I pinsehelga hadde eg inne sju hopper i stallen. Og Bronson gjorde jobben med fire av dei på to dagar, seier stalleigaren.

Kjapp befruktning Interessen for Bronson er omtrent like blomstrande som fruktrea på garden til Erling Gjerde, som i godværet gjerne slepper ei brunstig hoppe og Bronson ut mellom trea.

— Den befruktninga gikk kjapt fastslår ein glisande stalleigar.

— No har han alt fiksa 1. premiehoppa, seier Gjerde og minner om at avkommet lett gir minst 10.000 kroner i pungen til hoppeeigaren.

— Det er viktig med god stamtavle til hingsten når avkommet skal seljast.

Topp karakter Sjølv måtte han punge ut med godt over 15.000 kroner for å få leige superhingsten, frå pinsehelga og fram til slutten av august.

På landsutstillinga fekk Bronson topp karakterar på eksteriør, størrelse, manke, bein, og bakpart.