TERJE ULVEDALterje.ulvedal@bt.no Hafslo i LusterI eit brev til Høgsterett skriv Kari Beheim Karlsen at Staff, som forsvarar ein av dei to tiltalte ungdommane, no gjer alt han kan for å flytte fokus vekk frå det rettsaka verkeleg skal dreie seg om.— Eg føler meir og meir at det som hende med Arve, er heilt underordna i saka. Eg kjenner det slik at det frå forsvarsadvokat Staff vert gjort det som gjerast kan, for å få fokus vekk frå det Arve vart utsett for, før han drukna i Sogndalselvi. Ny utsetjing? Oppslaget i Bergens Tidende tidlegare denne veka om faren for at rettsaka kan verte utsett nok ein gong, har provosert dei pårørande til Arve.Staff meiner sorenskrivaren i Indre Sogn, Steinar Velle, må seiast ugild som dommar i saka. Han nådde ikkje fram med dette kravet overfor Gulating lagmannsrett. No vil høgsterettsadvokaten klage avgjerda i lagmannsretten inn for kjæremålsutvalet i Høgsterett. Overfor Bergens Tidende har sorenskrivar Velle gitt uttrykk for at han fryktar dette kan ta så lang tid, at heile saka må utsetjast nok ein gong. Staff styrer alle I brevet skriv Kari Beheim Karlsen at ho no opplever det som om Tor Erling Staff har teke over styringa av saka.- Slik eg ser det, er det i denne saka fem partar: Dommarane, aktoratet, to forsvarsadvokatar og bistandsadvokat som skal ivareta Arve. Er ikkje alle partane like viktige om rettferda skal vinne? Slik eg opplever det no, styrer ein part alle. Korleis kan ein part få høve til det?, er eit av dei sentrale spørsmål i brevet.Til Bergens Tidende seier Kari Beheim Karlsen at ho forstår at høgsterettsadvokaten berre gjer jobben sin. - Det han gjer er å utnytte systemet fullt ut. Det er systemet som gjer at advokatane til tiltalte kan drive eit slikt spel. Men er det slik vi vil ha det?« Trakka» på Kari Beheim Karlsen ser på den siste utviklinga i saka som nok eit døme på det sterke rettsvernet kriminelle har i forhold til offeret.- Eg føler at Arve vert «trakka» på, og at det som hende han ikkje er viktig, berre dei tiltalte vert tekne i vare. Eg forstår ikkje korleis ein offentleg oppnemnd forsvarsadvokat, betalt av den norske stat, kan oppfordre sin klient til ikkje å forklare seg eller samarbeide med politiet. Er dette rett?Kari Beheim Karlsen ber Høgsterett handsame saka så fort som råd, slik at hovudforhandlingane kan ta til som planlagt i Sogndal 21. mai.

Fakta/ Beheim Karlsen-saka * Indisk-fødde Arve Beheim Karlsen frå Hafslo vart sist sett om kvelden 23. april 1999. 17-åringen sprang då ned under ei bru i Sogndal med to ungdommar etter seg. «Drep han! Drep negeren!», skal dei to ha ropt. Måndag 26. april vart 17-åringen funnen drukna ved elveosen i Sogndal.* Dei to ungdommane vart pågripne og sikta for drap. Men politiet greidde aldri å bevise at dei tok livet av Arve Beheim Karlsen.* I vinter utvida statsadvokaten tiltalen til også å gjelde paragraf 135a i straffelova - rasismeparagrafen.* Rettssaka skulle først ha starta 13. mars, men er no utsett til 21. mai.

ER DET SLIK VI VIL HA DET?: - Ei ny utsetjing vil vere ei følelsesmessig påkjenning for oss, seier Kari Beheim Karlsen. Ho meiner offera i straffesaker ikkje lenger har noko rettsvern. (FOTO: ODDLEIV APNESETH)