Etter mi meining har media freista så lenge å gjere politikken underhaldande at me har fått ein gjeng med < > på Stortinget, og ideologiar erstatta av debattdomarar og meiningsmålingar.

Eg fylgde med på politiske debattar den gongen Røiseland, den unge Willoch og fleire med dei var aktive, og det var klart meir engasjerande enn dagens aktivitetar.

Lat oss få attende meiningsfull debatt og politikk, der aktørane bryr seg meir om helsestell, utdanning m.m. enn om dei vert kåra til debattvinnar av Valebrokk eller dei som orkar sjå programmet og ringer inn si meining. No les eg heller aviser eller høyrer på radio, der er det litt meir seriøst, så lenge det varer.

HOGNE GRYTØYR