OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.no HusnesOver 500 menneske stua seg saman på Euro Husnes Hotel laurdag kveld for å sjå oppgjeret mellom den verbalt slagferdige Ap-ordføraren og bokseproffen frå Stavanger. Etter tre rundar i ringen blei "Lukkøye" utropt til vinnar over den nesten dobbelt så gamle og nokre kilo tyngre motstandaren.— Eg fekk inn to slag mot hovudet hans, men fekk han ikkje i golvet. Han var som venta overlegen, og tap på poeng gir eit greitt bilde av kampen, seier Aksel Kloster etter bataljen, som han omtalar som idrettsmeisterskap - ikkje show.- Vi tek omkamp til hausten, anten på Husnes eller Halsnøy. Til dess vil eg jobba ein del med kondisjonen. For eg merka at Klemetsen var meg overlegen frå midten av andre omgang og ut kampen, som gjekk over tre rundar, forklarar Kloster. Han har Sonny Liston som bokseførebilete.52-årige Aksel Kloster er usikker på om han vil tilrå boksing som fritidsaktivitet for andre politikarar.- I så fall må dei ha minst to av dei tre eigenskapane eg har; fysisk styrke, psykisk styrke og stor intellektuell kapasitet, konkluderer Kloster.Ole Klemetsen meinte han hadde ein verdig motstandar i Aksel Kloster. Det var ei fin ramme rundt kampen på Husnes, med Magnar Reigstad som kampleiar og Otto Blokhus, Kurt Henriksen og Gunnar Røssland som dommarar.I Team Kloster inngjekk kyrkjegravar Olav Fagerheim som manager og Terje Vevatne som lege. Kloster seier at han ikkje har mein etter kampen, og at han stiller på jobben i Kvinnherad rådhus i dag.Aksel Kloster gav i går tusen kroner av overskotet frå kampen til Kaldestad bedehus, som treng nytt tak. Han oppfordrar andre idrettsfolk frå Kaldestad til å gjera det same.