Svaret hennar er eit sterkt vitnemål um kor lite sume skynar når språket, målbruken, er på tale. Eg reknar målet, det tala og det skrivne, for noko av det mest verdfulle me hev fenge i arv ifrå dei som levde fyre oss. På målet kan me ordleggja oss, me kan bera tankar og syner fram. Sume hev jamvel fenge diktargivnad og skaper verk som gjer livet rikare for dei som vil lesa og læra.

Og so kjem Gyri Skre i det nye innlegget sitt med utbrot um at sume vil «plassera nynorsken i bokhyllene, trygt og godt forvart med sitt «um» og «upp»». Ho vil ikkje ha eit museumsmål, men eit «levande språk». Ja, ho skriv jamvel um ei «hauggammal språkdrakt», og til slutt um «oldemorsmål». Der fekk ho sagt det.

Det er beintfram utruleg at nokon vil skriva so svivyrdsleg um språket og um dei som hev dyrka språket i farne tider. Skynar ikkje Gyri Skre at ho med påstandane sine um museumsmålet feller ein dom yver dei klassikarane som hev skrive Aasen-mål på 1800-talet og på 1900-talet? Ivar Aasen, Åsmund Vinje, Arne Garborg som me minnest serskilt i år, Olav Aukrust, Per Sivle, Olav H. Hauge og mange andre?

Den sistnemnde, Olav H. Hauge, heldt fram i klassikarklassa. Han skreiv «oldemorsmål» som Gyri Skre kallar det, og store bøker av han og til hans minne vert i 2001 selde, lesne og lovprisa.

Ifall Gyri Skre hev rett i påstandet sitt um at ho skriv blandingsmål for å gjera seg tilgjengeleg for sin generasjon, i år 2001, so er konsekvensen at vår generasjon ikkje kan lesa og skyna dei klassiske diktarane som eg her hev nemnt. Og då misser dei noko vesentleg av vår kultur.

Språket høyrer til det beste av vår nedervde kultur. Islendingane kan lese Snorri Sturlussons konungssagaer på det språket han skreiv på 1200-talet, tyskarane kan lesa Martin Luthers bøker frå 1500-talet, og britane kan lesa William Shakespeare på den engelsken har skreiv på 1500— og 1600-talet. Ingen kan tru at engelsk hadde halde stoda som verdsspråk dersom britane hadde flikka på det med visse stutte millomrom, som me hev gjort med vårt språk.

Og so vel eg minna Gyri Skre um kva bakgrunn vårt språk hev. Tri språk er grunnlaget for dei kulturspråki som etter kvart vaks fram: Gresk, latin og norrøna. Vårt norske språk hev sine røter i Norrøna. Gyri Skre kallar det no «hauggammalt» og «oldemorsmål». Ho burde skjemmast yver ei sovori vanvyrding av ein rik og verdfull kulturarv.

Ludv. Jerdal