DEBATT

Av Sverre Bungum

Ingen veit kor mange born som er skadde for livet, ingen veit kor mange som har mista livet i Irak dei siste vekene.

Men det er mange, uhyggeleg mange. 60.000 er eit tal eg har høyrd.

Og før det, sanksjonar mot og isolasjon av landet i 10 år, 200.000 born døydde.

Vi og våre allierte med USA i front, vi har kanskje noko å svara for?

Det gjer vondt å tenkja på all liding folket i Irak har gjennomlevd.

Og vondast er det å tenkja på alle borna som skulle hatt eit liv og ei framtid.

Har vi dårleg samvit?

Kjenner vi på at vi burde gjera noko?

Så kom Ali Ismaeel Abbas oss i møte.

Han mista begge armane, 12-åringen og dessutan er han alvorleg forbrent.

Han blir krigen sitt andlet.

Han blir tabloidisert inn i alle media, han har store smerter, men sjå om han ikkje smiler tappert.

Ein vakker og ressurssterk gut må han ha vore før bomba slo ned.

Så kjem kampen om Ali.

Alle vil ta imot han.

Statsminister Blair svarar på spørsmål i Underhuset om Ali.

Gode britar samlar inn pengar.

Ein snill, men ukjend velgjerar her heime vil dekka utgiftene med å få Ali til Bergen og Haukeland Sykehus.

Vi kan smila letta, vi er snille, sjå kor snille vi er mot stakkars Ali.

Ali blir symbolet på krig og gru, men enno meir vår eigen umåtelege nestekjærleik.

Eller blir han kanskje heller eit symbol på vår eigen feigskap og vår eigen svikefulle måte å skaffa oss litt betre samvit?

Kanskje vi heller skulle krevja at okkupasjonsmaktene syter for at hjelpeorganisasjonane får nokolunde forsvarlege arbeidsforhold, slik at dei kan hjelpa ikkje berre Ali, men nokre hundre tusen i tillegg.

Ali må ikkje få lov å bli symbolet på sviket mot Irak sine hardt ramma born.

«Det du gjer mot ein av desse mine minste små, det gjer du mot meg,» minnest eg å ha lese ein stad.