JOHN LINDEBOTTENjohn.lindebotten@bt.no

På tingseta i juni i Ullensvang vil eit stort fleirtal i Hordaland fylkesting nokså sikkert vedta at Hardangerbrua også i år skal ha 1. plassen på ynskjelista over nye riksveganlegg.

Fellesforslag Pådrivaren er, ikkje uventa, Arne Jakobsen, som er samferdselspolitisk talsmann for Arbeidpartiet i fylkestinget. Den formelle samanhengen er handlingsplanen for riksvegutbygginga utanom stamvegane, som Stortinget skal handsama i 2002.

— Eg har snakka med Frp, H, KrF og Sp om dette, og på Fylkestinget 13. mars vi vil leggja fram eit fellesforslag om at Hardangerbrua må toppa fylket si prioriteringsliste over nye riksveganlegg, seier Arne Jakobsen.

To dagar etter, 15. mars, skal vegsjef Ole Chr. Torpp leggja fram sitt framlegg til handlingsplan for riksveganlegg i Hordaland.Som statstenestemann kan ikkje vegsjefen anna enn å halda seg til Stortingets nei til Hardangerbrua frå 1996.

Vegsjefen balanserer - Eg kjem til å omtala Hardangerbrua, men det vert sjølvsagt ein balansegang, seier Torpp til BT.

I haust vil det ha gått to stortingsval sidan Hardangerbrua fekk nei i 1996 med 93 mot 71 røyster. Arne Jakobsen har difor tru på at mange, ikkje minst innanfor Ap, kan overtalast til å støtta brua. I 1996 var det berre Hordalands-representantane for Ap som røysta ja.Frp og Ap avgjer

Ei avrøysting i det nye Stortinget vil nok falla jamnare ut enn sist. Det skuldast ikkje minst at Framstegspartiet har lagt kraftig på seg dei siste åra. Men mykje som talar for at Arbeidarpartiet vert tunga på vektskåla, som sist.