JOHN LINDEBOTTEN john.lindebotten@bt.noLofthus

Jondalstunnelen høyrer med mellom dei fylkesvegprosjekta som skal nyta godt av overgangsordninga som Stortinget har lagt inn i Nasjonal Transportplan i februar i år. Det vil seia at den åtte kilometer lange tunnelen, som er kostnadsrekna til 335 millionar kroner, skal få 50 millonar kroner frå staten.— Dette var det beste vi kunne få ut av det. No gjeld det berre at planlegginga startar. Dei 50 millionar kronene må nemleg nyttast i første del av planperioden, seier John Skogseth til Bergens Tidende.

Kvar kjem pengane frå? No er det rett nok ulike meiningar om kor dei 50 millionane skal takast frå.

— Samferdsledepartementet seier at dei 50 millionane må takast frå riksvegramma, seier vegsjef Ole Chr. Torpp.

Hardt for fylket - Eg og meiner at pengane må hentast frå riksvegramma til Hordaland. Det betyr at pengane må takast frå andre prioriterte prosjekt, seier Høgres Øyvind Halleraker.

— Eg har oppfatta Stortinget dit at dei 50 millionane skal løyvast ekstra, utanom riksvegramma til fylket, seier Rune Skjælaaen, Sp, som er leiar i samferdsleutvalet i Hordaland.

— Pengane skal løyvast ekstra. Det er det Stortinget vil. Det meiner vår talsmann i samferdslekomiteen, og det vil verta avklåra under handsaminga av statsbudsjettet i haust, seier Arne Jakobsen, Ap.

Når kommunale tilskot og moglege bompengar er rekna inn, står det framleis att 110 millionar kroner som fylkeskommunen må dekka over sitt eige budsjett.

Fann saman - Det er klårt at dette vert hardt for fylket. Særleg dersom vi sjølve må dekka underskotet på 375 millionar kroner etter sjukehusreforma, seier Skjælaaen. Ikkje overraskande fann Høgre og Arbeidarpartiet saman då det galdt å sikra breiast mogleg samling om Hardangerbrua. Fleire andre parti slutta seg til, slik at vedtaket om finansering av Hardangerbrua til slutt vart vedteke med 57 mot 10 røyster.

Dei som røysta mot var V, SV og RV. Det kinkige punktet galdt omfordeling av 50 millionar kroner frå Bergensprogrammet. Arbeidarpartiet gjekk i utgangspunktet inn for dette, medan Høgre stod beint imot. Kompromisset går ut på at fylkestinget reduserer det statlege bidraget til Hardangerbrua frå 150 millionar til 125 millionar.

Dei 25 millionane som manglar har Hardangerbrua AS sagt seg viljug til å finansiera ved låneopptak, som skal betalast attende over statlege vegrammer etter 2011. Denne løysinga gjorde det mogeleg å semjast om å ta 25 millionar kroner frå strekningsvise tiltak i Bergensprogrammet. Fylkestinget føreset at omfordelinga frå Bergensprogrammet ikkje skal seinka framdrifta av Bybanen, Ringveg vest og Skansentunnelen.