Men fungerande fylkeslege Arne Sunde er ikkje samd med dama. I dette tilfellet er ordet brukt av pasienten sjølv for å beskrive tilstanden sin. Det er også eit vanleg uttrykk i Indre Sogn, som blir brukt når ein ikkje har energi til å gjere noko, seier Sunde. Mens Fylkeslegen ikkje meiner ordet er spesielt negativt, så har nestleiar i Norsk Språkråd, Jan Olav Fretland, ei anna og mindre gunstig oppfatning av kva giddalaus betyr. Det betyr tiltakslaus, at du gjer mindre enn du kan, at du har ein del evner du ikkje har tiltak til å brukt, seier han til NRK Sogn og Fjordane.