TERJE ULVEDAL

Fleire eksportørar fekk store vanskar som følgje av at det framgangsrike Måløy-selskapet baud over hos oppdrettarane, men likevel kunne selje langt billegare til utanlandske kjøparar. Dei fekk rett og slett problem med å få tak i fisk, og dessutan viste det seg vanskeleg å få selt fisken dei fekk kjøpe.

Etter det Bergens Tidende kjenner til, var det undring over korleis OK–Fish Kvalheim kunne få dette til som førte til mistanke om at alt ikkje gjekk rett føre seg. Og som i siste instans førte til at Fylkesskattesjefen i Sogn og Fjordane vart tipsa om å sjå på drifta av selskapet Jarle Kvalheim står som eineeigar av.

Kjøpte i same området Eitt av selskapa som merka dette, var Trondheim-eksportøren Norway Royal Salmon (NRF).

– Til dels kjøpte vi fisk i same område som OK–Fish Kvalheim. Ofte opplevde vi at dei kunne by to kroner over oss for kiloen. Det høyrest kanskje ikkje mykje ut, men faktum er at det er ein enorm prisdifferanse. Faktisk snakkar vi om bortimot ti prosent. Samstundes kunne Måløy–selskapet selje to kroner billegare. Også det var ein prisdifferanse på bortimot ti prosent då prisane var på det lågaste, fortel Odd Steinsbø i NRF til Bergens Tidende.

Steinsbø, som også er leiar i Norske Sjømatbedrifters Landsforening, legg ikkje skjul på at dette førte til vanskar både for hans eige selskap og andre.

– Vi greidde rett og slett ikkje å konkurrere.

Tapte på marknaden Det same opplevde Bård Sekkingstad i Sekkingstad A/S i Sund kommune på Sotra.

– Vi merka det godt i den utanlandske marknaden. Fleire gonger opplevde vi at OK–Fish Kvalheim kunne tilby laks bortimot to kroner billegare enn oss. Dette gjorde at vi fekk store problem med å selje til marknader der vi hadde vore tungt inne før, fortel Sotra–eksportøren.

Moms på eit kilo fisk utgjer ved normal pris kring seks kroner. I praksis fekk dermed Kvalheim og hans selskap seks kroner meir for kiloen, hvis han fekk tilbakebetalt moms han ikkje skulle hatt.

– Det er klart at dersom det er rett det som har komme fram dei siste dagane, gjev det ei forklaring på korleis Kvalheim kunne drive slik han gjorde.

Skadeleg for næringa Fleire eksportørar Bergens Tidende har snakka med, peikar på at det som har skjedd er svært uheldig for næringa. Mange peikar også på at det som ein forløpar for avsløringa av norgeshistorias kanskje største momssvindel i Måløy, også var ei rekkje store oppslag i media om juks og fanteri innanfor tradisjonelt fiskeri.

– Det er ikkje tvil om at dette er uheldig for heile bransjen. Det set næringa i eit dårleg lys, seier Odd Steinsbø.